Holburn Lake and Moss

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Holburn Lake and Moss er eit naturreservat i Northumberland i England aust for landsbyen Holburn.

Innsjøen[endre | endre wikiteksten]

Innsjøen er kunstig og vart bygt i 1934. Her finn ein overvintrande bestandar av fugl som grågås frå Island. Fuglar som brunnakke og krikkand stoppar òg her.

Myra[endre | endre wikiteksten]

Holburn Moss er ei torvmyr med mykje mose, samt andre myrplanter som lyng, myrull, tranebær og rundsoldogg. Myra har tidlegare vorte øydelagd av skogspløying.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]