Hold Me Closer

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
«Hold Me Closer»
Song av Cornelia Jakobs

Land Sverige
Språk Engelsk
Utgjeve 26. februar 2022
Sjanger Pop
Lengd 03:19
Selskap Freebird Entertainment
Tekstforfattar Cornelia Jakobs
Låtskrivar(ar) Cornelia Jakobsdotter, David Zandén, Isa Molin

«Hold Me Closer» (norsk omsetjing 'hald meg nærare') er ein popsong frå 2022 med den svenske songaren og låtskrivaren Cornelia Jakobs. Songen vart gjeven ut 26. februar 2022 og vann svenske Melodifestivalen same år. Med sigeren var «Hold Me Closer» det svenske bidraget i Eurovision Song Contest 2022 i Torino i Italia, der han enda på fjerdeplass.

Om songen[endre | endre wikiteksten]

Jakobs skreiv «Hold Me Closer» saman med låtskrivarane David Zandén og Isa Molin. Songen handlar om det kjenslesmessige kaoset som oppstår når ein jobbar seg gjennom eit vanskeleg brot. Og korleis man ønskjer å halde fast på partneren, sjølv om ein skjønar at forholdet er i ferd med å ta slutt.[1]

Songen vart send inn til songtevlinga Melodifestivalen 2022, arrangert av SVT. Der vart han plukka ut til å delta blant 28 deltakarlåtar. Jakobs hadde tidlegare delteke i Melodifestivalen i 2011 og 2012 som del av popgruppa Love Generation, og i 2021 som ein av låtskrivarane til «Best of Me», framført av Efraim Leo.

Jakobs og «Hold Me Closer» vann den fyrste delfinalen laurdag 5. februar 2022, og før finalen var «Hold Me Closer» den store favoritten.[2] Songen innfridde favorittstempelet og vann Melodifestivalen 12. mars 2022.[3]

Som vinnar av Melodifestivalen vart «Hold Me Closer» det svenske bidraget i Eurovision Song Contest 2022 i Torino. «Hold Me Closer» vann den andre semifinalen torsdag 12. mai, og enda til slutt på fjerdeplass i finalen laurdag 14. mai.

Listeplasseringar[endre | endre wikiteksten]

Liste (2022) Høgaste
plassering
Flagget til Australia Australia (ARIA Digital Tracks)[4] 41
Flagget til Finland Finland (Suomen virallinen lista)[5] 9
Det amerikanske flagget Global Excl. US (Billboard)[6] 132
Flagget til Hellas Hellas (IFPI Greece)[7] 50
Det irske flagget Irland (IRMA)[8] 38
Flagget til Island Island (Tónlistinn)[9] 2
Flagget til Litauen Litauen (AGATA)[10] 5
Det nederlandske flagget Nederland (Single Top 100)[11] 76
Flagget til Noreg Noreg (Topplista)[12] 15
Flagget til Spania Spania (PROMUSICAE)[13] 88
Det britiske flagget Storbritannia (UK Singles Chart)[14] 59
Flagget til Sveits Sveits (Schweizer Hitparade)[15] 53
Flagget til Sverige Sverige (Sverigetopplistan)[16] 1

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. «"I found the right one at the wrong time" -- Cornelia Jakobs' "Hold Me Closer" lyrics lament the turmoil of a breakup». wiwibloggs (på engelsk). 9. mars 2022. Henta 16. mars 2022. 
  2. «Melodifestivalen 2022: Smarkets probabilities give Cornelia Jacobs a 57% chance of winning the final». wiwibloggs (på engelsk). 9. mars 2022. Henta 16. mars 2022. 
  3. «"Hold Me Closer" – Cornelia Jakobs wins Melodifestivalen 2022». Eurovisionworld (på engelsk). 12. mars 2022. Henta 16. mars 2022. 
  4. «The ARIA Report: Week Commencing 23 May 2022». The ARIA Report (Australian Recording Industry Association) (1681): side 9. 23. mai 2022. 
  5. «Suomen Virallinen Lista». Musiikkituottajat (på finsk). Henta 27. mai 2022. 
  6. Cabral, R. J. (15. september 2020). «Billboard Global Excl. US». Billboard (på engelsk). Henta 27. mai 2022. 
  7. «Official IFPI Charts Digital Singles Chart (International) Week: 19/2022». www.ifpi.gr. IFPI Greece. Arkivert frå originalen 22. mai 2022. Henta 23. mai 2022. 
  8. «IRMA – Irish Recorded Music Association». www.irma.ie. Henta 23. mai 2022. 
  9. «Plötutíðindi». Plötutíðindi (på engelsk). Arkivert frå originalen 16. mai 2022. Henta 19. mai 2022. 
  10. «2022 20-os savaitės klausomiausi (TOP 100)». Agata (på litauisk). Henta 19. mai 2022. 
  11. Hung, Steffen. «Cornelia Jakobs - Hold Me Closer». hitparade.ch. Henta 27. mai 2022. 
  12. «Singel 2022 uke 20». topplista.no. Henta 27. mai 2022. 
  13. Música, El portal de. «HOLD ME CLOSER - CORNELIA JAKOBS | EPDM» (på engelsk). Henta 27. mai 2022. 
  14. «CORNELIA JAKOBS | full Official Chart History | Official Charts Company». www.officialcharts.com. Henta 27. mai 2022. 
  15. «Cornelia Jakobs - Hold Me Closer». Henta 27. mai 2022. 
  16. «'Hold Me Closer' på Sverigetopplistan». Sverigetopplistan (på svensk). Henta 16. mars 2022.