Hold Me Now

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
«Hold Me Now»
Song av Johnny Logan

Land Irland
Språk Engelsk
Utgjeve 1987
Sjanger Pop, ballade
Lengd 03:00
Selskap Epic[1]
Låtskrivar(ar) Johnny Logan

«Hold Me Now» (norsk 'hald meg no') er ein engelskspråkleg popsong som vann Eurovision Song Contest 1987 for Irland. Songen vart framført og skriven av Johnny Logan, som også vann tevlinga i 1980. Dette var den tredje sigeren til Irland i Eurovision Song Contest, og songen vart den største kommersielle suksessen til ein vinnarsong sidan «Ein bißchen Frieden» vann i 1982. I Noreg nådde songen andreplass på VG-lista, og i 2005 vart «Hold Me Now» kåra til den tredje beste songen frå dei fyrste 50 fyrste åra med Eurovision Song Contest.[2][3]

Om songen[endre | endre wikiteksten]

«Hold Me Now» er ein popballade der teksta vert sungen frå ein manns ståstad. Kjærasten er i ferd med å forlate han for å vere med nokon andre. Han ber ho om å røre han slik som ho pleide, sånn at han kan minnast dei gode stundene i forholdet deira. Trass det triste temaet i songen syng han at «sjølv om dei skal vere frå kvarandre, så vil dei alltid vere saman».[4] Eurovision- og Logan-fans har derfor spekulert på om teksta handlar om eit dødsfall, der mannen syng til sin daude eller døyande kjærast.

Eurovision Song Contest[endre | endre wikiteksten]

«Hold Me Now» var eit av ni bidrag som deltok i den irske nasjonale finalen i Dublin 8. mars 1987. I finalen vann Johnny Logan og «Hold Me Now» ein klar siger med 114 poeng.[5] Logan vart dimed den irske representanten til Eurovision Song Contest i Brussel laurdag 9. mai.

I den internasjonale finalen var Johnny Logan den 20. artisten på scena av 22 deltakarar. Under avrøystinga tok Irland etter kvart leiinga og vann til slutt med 172 poeng, derav 8 poeng kom frå den norske juryen.[6]

Dette var den tredje sigeren til Irland i Eurovision Song Contest, og det var den andre til Johnny Logan. Logan vann fyrste gong i 1980 med «What’s Another Year», og han skulle vinne igjen som låtskrivar i 1992 med «Why Me?». Som i 1980 vart Logan overvelda av kjensler og sleit med å treffe dei høge tonane under vinnarreprisen. Mot slutten av framføringen ropa han «Eg elsker dykk framleis, Irland» og sikta til då han sa «Eg elskar dykk, Irland» under vinnarreprisen i 1980.[7] Dobbeltsigeren gjorde Logan til moglegvis den største stjerna i Eurovision Song Contest, noko som har gitt han tilnamnet Mr. Eurovision.

Logan held framleis jamlege konsertar rundt om i Europa, også i Noreg, der hans popularitet har gjort han til ein noregsven.[8][9] I 2017 framførte Logan songen under finalen i Melodi Grand Prix.[10]

Etter sigeren[endre | endre wikiteksten]

«Hold Me Now» vart den største kommersielle Eurovision-suksessen på fleire år, og den nådde høgt på singellistene i Storbritannia, Irland, Noreg, Sverige, Nederland og Belgia.[6] I jubileumsshowet Congratulations: 50 Years of the Eurovision Song Contest i 2005, vart songen kåra til den tredje beste Eurovision-songen frå dei fyrste femti åra av Eurovision Song Contest – berre slegen av ABBAs «Waterloo» og Domenico Modugnos «Volare».[3]

«Hold Me Now» dukka også opp på hitlistene i Danmark og Sverige i 2001, då songen vart gjeven ut på ny.[11]

Anna[endre | endre wikiteksten]

«Hold Me Now» vert ofte sunge av tilhengarane til Bohemian FC under heimekampane til laget på Dalymount Park.[12] Songen har også blitt covra av ei rekke andre artistar, blant anna i ein reggaeversjon av Tanya Stephens. Den belgiske rapparen Kaye Styles laga ein meir moderne versjon, kalla «Don't Cry». Den avlidne makedonske superstjerna Toše Proeski song også «Hold Me Now» på sine konsertar.[13]

«Hold Me Now» vart også brukt i ein reklamekampanje for McDonald's i Irland i 2007, og Logan deltok også sjølv i reklamefilmane.[14]

Listeplasseringar[endre | endre wikiteksten]

Liste Høgaste
plassering
Veker
på lista
Dato for
inntreden
 Austerrike (Ö3 Austria Top 40)[15] 4 14 15. juni 1987
 Belgia, Flandern (Ultratop)[16] 1 12 30. mai 1987
 Irland (Irish Singles Chart)[17] 1 14 7. mai 1987
 Nederland (Single Top 100)[18] 3 14 23. mai 1987
 Noreg (VG-lista)[2] 2 7 Veke 23 1987
 Storbritannia (UK Singles Chart)[19] 2 11 23. mai 1987
 Sveits (Schweizer Hitparade)[20] 6 12 31. mai 1987
 Sverige (Sverigetopplistan)[21] 2 5 3. juni 1987
 Vest-Tyskland (Offizielle Deutsche Charts)[22] 2 15 1. juni 1987

Referansar[endre | endre wikiteksten]

  1. «Johnny Logan ‎– Hold Me Now». discogs.com. Henta 22. februar 2017. 
  2. 2,0 2,1 «VG-lista for 'Hold Me Now'». VG Nett. Henta 22. februar 2017. 
  3. 3,0 3,1 «Congratulations Show». eurovision.tv. Henta 22. februar 2017. 
  4. «Hold Me Now – lyrics». The Diggiloo Thrush. Henta 22. februar 2017. 
  5. «Irish National Final 1987». National Finals Pages. Henta 22. februar 2017. 
  6. 6,0 6,1 «Eurovision Song Contest 1987 – Scoreboard». eurovision.tv. Henta 22. februar 2017. 
  7. Gordon Roxburgh (9. mai 2012). «25 years ago - Johnny Logan wins for the second time». eurovision.tv. Henta 22. februar 2017. 
  8. Samuelsen, Kjetil (18. oktober 2013). «– Jeg prøver ikke å forklare populariteten, jeg nyter den». Fædrelandsvennen. Arkivert frå originalen 23. februar 2017. Henta 22. februar 2017. 
  9. Rognmo og Ward, Gro og Benjamin A. (3. juli 2014). «– Jeg er en festløve. Hvor er sykepleierne?». Dagbladet.no. 
  10. «Melodi Grand Prix 2017». Norsk rikskringkasting. 11. mars 2017. Henta 12. mars 2017. 
  11. «Hold Me Now (2001) – Tracklisten». danishcharts.com. Arkivert frå originalen 23. februar 2017. Henta 22. februar 2017. 
  12. «Bohemians Anthems football songs». Fanchants.com. Arkivert frå originalen 23. februar 2017. Henta 22. februar 2017. 
  13. «Jamaica, can I have your votes please? pt. 2». Eurocovers. 13. februar 2017. Henta 22. februar 2017. 
  14. «Video av reklamefilmene». McDonald's / YouTube. 11. august 2007. Henta 22. februar 2017. 
  15. Hung, Steffen. «Johnny Logan – Hold Me Now». austriancharts.at. Henta 22. februar 2017. 
  16. «Hold Me Now – Ultratop». ultratop.be. Henta 22. februar 2017. 
  17. http://www.fireballmedia.ie. «The Irish Charts (skriv 'Hold Me Now' i søkefeltet)». www.irishcharts.ie. Henta 22. februar 2017. 
  18. Hung, Steffen. «Johnny Logan – Hold Me Now». dutchcharts.nl. Henta 22. februar 2017. 
  19. «Johnny Logan – Chart history». Official Charts Company. Henta 22. februar 2017. 
  20. Hung, Steffen. «Johnny Logan – Hold Me Now – hitparade.ch». www.hitparade.ch. Henta 22. februar 2017. 
  21. «Johnny Logan – Hold Me Now (Song)». hitparad.se. Henta 22. februar 2017. 
  22. «Offisiell tysk singelliste (skriv 'Hold Me Now' i søkefeltet)». Deutsche Offizielle Charts. Henta 22. februar 2017.