Hold Me av Fleetwood Mac

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hold Me
Singel av Fleetwood Mac
frå albumet Mirage
B-side

«Eyes of the World»

Utgjeve Juni 1982 (UK)
Juli 1982 (USA)
Innspelt 1981
Sjanger Pop
Lengd 3:44
Selskap Warner Bros.
Låtskrivar(ar) Christine McVie, Robbie Patton
Produsent Lindsey Buckingham
Fleetwood Mac
Ken Caillat
Richard Dashut
Fleetwood Mac-kronologi 
«Fireflies»
(1981)
Hold Me «Gypsy»
(1982)


«Hold Me» er ein song av den britisk-amerikanske rockegruppa Fleetwood Mac. Songen vart gjeven ut på albumet Mirage i 1982. Songen vart skriven av Christine McVie og Robbie Patton og vart ein av dei største hittane til Fleetwood Mac i USA. Han vart gjeven ut som singel der i juli 1982 og låg på fjerdeplassen på singellista sju veker på rad.

I Storbritannia gjorde ikkje singelen det like bra. Han vart først gjeven ut der i juni 1982, men gjekk ikkje inn på salslistene. Han vart derimot mykje spelt på radio og vart gjeven ut på ny som singel i februar 1989 for å marknadsføre samlealbumet Greatest Hits frå 1988. Han nådde då 94. plassen.

Songen er òg gjeven ut på den amerikanske versjonen frå 2002 og den britiske versjonen frå 2009 av The Very Best of Fleetwood Mac.

Musikkvideo[endre | endre wikiteksten]

Musikkvideoen til «Hold Me» syner bandet i eit surrealistisk miljø i ein ørken, basert på fleire måleri av René Magritte. I videoen er Christine McVie i eit rom med mange måleri, og leitar etter Buckingham i ørkenen med eit teleksop. Buckingham oppdagar Nicks som ligg på ein sjeselong og målar ho, medan i andre scener er John McVie og Mick Fleetwood arkeologar. Sjølve ørkenen er strødd med knust speglar, som er eit motiv i videoen, og med fiolinar og elektrisk gitarar og andre instrument.

Sidan bandmedlemmane hadde eit anstrengd forhold til kvarandre på denne tida, skal innspelinga av videoen i Mojaveørkenen ha vore eit mareritt i følgje produsenten Simon Fields. Lindsey Buckingham var framleis ikkje over brotet i forholdet til Nicks seks år tidlegare, og mislikte sterkt det noverande forholdet hennar til Mick Fleetwood. I tillegg var resten av bandet sinte på Fleetwood fordi han hadde starta eit forhold til ein av dei beste veninnene til Nicks, som drog frå ektemannen sin på grunn av dette, og skapte store problem for Nicks.[1]

Innhald[endre | endre wikiteksten]

«Hold Me» 12" US promo-singel (PRO-A-1040)

  1. «Hold Me» (Christine McVie, Robbie Patton) – 3:42
  2. «Hold Me» (Christine McVie, Robbie Patton) – 3:42

Medverkande[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Marks, Craig; Tannenbaum, Rob (2011). I Want My MTV: The Uncensored Story of the Music Video Revolution. New York, NY: Dutton. s. 99–100. ISBN 978-0-525-95230-5. 

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]