Hold On, I'm Comin'

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Hold On, I'm Comin'
Singel av Sam & Dave
frå albumet Hold On, I'm Comin'
B-side «I Got Everything I Need»
Utgjeve Mars 1966
Innspelt 1966
Sjanger Soul, rhythm and blues
Lengd 2:35
Selskap Stax/Atlantic
S-189
Låtskrivar(ar) Isaac Hayes
David Porter
Produsent Jim Stewart
Sam & Dave-kronologi
«You Don't Know Like I Know»
(1965)
Hold On, I'm Comin' «Said I Wasn't Gonna Tell Nobody»
(1966)


«Hold On, I'm Comin'» (offisielt registrert som «Hold On, I'm Coming»,[1] og oppført på den originale singelen som «Hold On! I'm a Comin'")[2] er ein song frå 1966 av soulduoen Sam & Dave, gjeven ut på Atlantic-selskapet Stax i 1966.

Songen vart skriven av låtskrivarteamet Isaac Hayes og David Porter, som kom opp med tittelen på songen sponant då Hayes prøvde å få Porter til å skunde seg ut av opphaldsrommet i Stax Studios så dei kunne fortsette låtskrivinga.[3] Sjølv om den originale tittelen var «Hold On, I'm Comin'», protesterte somme radiostasjonar mot den «indikerande karakteren» i tittelen og på dei fleste kopiar av singlane stod det derfor «Hold On! I'm A Comin'».[4][5] Singelen vart gjeven ut som Stax 189 våren 1966 og nådde toppen av Billboard Hot Black Singles-lista og 21. plassen på Billboard Hot 100 i USA.[3]

Etter den instrumentale innleiinga, syng Sam første verset, medan Dave kjem inn på refrenget. Dave syng så andreverset. I mellomspelet syng Dave den første delen og Sam den andre delen, etterfulgt av ein kort instrumental. Sam syng tredjeverset.

Ein ny versjon av songen kalla «Hold On, Edwin's Coming», vart spelt inn av Sam & Dave som støtte for valkampanjen til Louisiana-guvernøren Edwin Edwards under den tredje valkampen hans i 1982. Tre år seinare slo Dave Prater seg saman med Sam Daniels som «The New Sam and Dave Review», og spelte inn «Medley/Hold On, I'm Comin'» for Atlantic Records.

Medverkande[endre | endre wikiteksten]

Andre versjonar[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. «Hold On, I'm Comin'». Repertoire.bmi.com. Henta 17. mai 2016. 
  2. «Label shot of Stax single». Timebomb.co.jp. Henta 17. mai 2016. 
  3. 3,0 3,1 Hogan, Ed (2006). «Review of «Hold On! I'm Comin'". Allmusic. Henta 17. mai 2016
  4. «Hold On, I'm A Comin'», JohnnySpencer.info. Henta 17. mai 2016
  5. Stan Cornyn, «The Sultans of Sweat», Rhino.com. Henta 17. mai 2016
  6. http://www.bryanferry.com/the-bride-stripped-bare/
  7. «Arno Carstens 5th Solo Album, ‘Lightening Prevails’, Will Be Released In 2014.». Gary Cool. Henta 17. mai 2016. 
  8. «Luca Ronka Album, ‘Soul Man’, Released In 2015». 

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]