Holger Czukay

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Holger Czukay
Fødd24. mars 1938 (81 år)
FødestadFristaden Danzig
(i dag Gdańsk i Polen)
Død5. september 2017
DødsstadWeilerswist
FødenamnHolger Schüring
OpphavFristaden Danzig, Det tredje riket, Vest-Tyskland, Tyskland
Aktiv1968 til i dag
SjangerKrautrock, eksperimentell rock, anarcho-punk, ambient, elektronisk
Tilknytte artistarCan
PlateselskapMute Records
Verka somMusikar

Holger Czukay (fødd Holger Schüring24. mars 19385. september 2017)[1] var ein tysk musikar og truleg mest kjend som ein av dei som starta krautrockgruppa Can. Han vart av kritikaren Jason Ankeny[2] skildra som «ei suksessrik bru mellom pop og avant-garde». Han vart òg kjend som ein av dei første som laga ambient musikk, til å utforske «verdsmusikk» før dette vart eit omgrep, og for å ha vore ein pioner innan bruk av sampling.

Biografi[endre | endre wikiteksten]

Czukay vart fødd i Fristaden Danzig (i dag Gdańsk i Polen). Under andre verdskrigen vart familien hans blant millionar som måtte flykte. På grunn av krigen fekk ikkje Czukay særleg med skulegang som barn. Han arbeidde tidleg i ein verkstad som reparerte radioar og som tenåring vart han fascinert av lydkvaliteten til radiosendingane. Han nytta mellom anna seinare ein kortbølgjeradio som musikalsk element. Han vart her kjend med dei grunnleggande elektronikk og teknikk.[3]

Czukay studerte musikk under Karlheinz Stockhausen frå 1963 til 1966[4] og arbeidde så ei stund som musikklærar. Czukay hadde først ikkje noko intersse for rock, men dette endra seg då ein student av han spelte The Beatles-songen «I Am the Walrus», som var ein psykedelisk song frå 1967 med ein uvanleg musikalsk struktur og bruk av radiostøy.[5] Dette opna øyrene hans for musikken til eksperimentelle rockemusikarar som Velvet Underground og Frank Zappa.

Czukay starta Can i 1968 i lag med bandkollegaene sine. Han spelte sjølv bassgitar og fungerte som lydteknikar for bandet under innspelingane deira. Rosko Gee, som tidlegare hadde spelt bass i det britiske bandet Traffic kom med i bandet i 1977, og Czukay tok seg då berre av lydbandeffektar på Saw Delight, den siste plata med gruppa før han starta ein solokarriere.

Etter at han slutta i Can, spelte Czukay inn fleire album. Eit av varemerka hans var bruken av radiolydar og tidleg bruk av sampling,[6] som i dei dagar var ein strevsam jobb der ein måtte kutte opp og lime saman lydband. Han spelte inn forskjellige lydar og lydklipp frå kortbølgjeradioen sin og nytta dei i komposisjonane sine. Han brukte òg radioen på konsertane, som eit interaktivt musikalsk instrument, ein komposisjonsmetode han kalla «radiomaling». Czukay sa ein gong «Om du vil skape noko nytt, så bør du ikkje tenke for langt unna ein viss idé».[7]

Czukay har samarbeidd med mange andre musikarar, mellom anna på ei rekkje album med Jah Wobble og David Sylvian,[4] to yngre britiske musikarar som delte interessa i å blande popmusikk med eksperimentelle innspelings- og samplingsteknikkar. Andre samarbeidspartnarar har vore U.N.K.L.E, Brian Eno, Eurythmics og det tyske Neue Deutsche Welle-band Trio.

Diskografi[endre | endre wikiteksten]

Solo:

Samarbeid:

  • Biomutanten / Menetekel (som Les Vampyrettes med Conny Plank) (1981)
  • Full Circle (1982) samarbeid med Jah Wobble og Jaki Liebezeit
  • Snake Charmer (1983) EP, samarbeid med Jah Wobble, The Edge og Ben Mandelson
  • Plight and Premonition (1988) samarbeid med David Sylvian.
  • Flux and Mutability (1989) samarbeid med David Sylvian
  • Clash (1998, mastra på ny og utvida 2007) samarbeid med Dr. Walker
  • The New Millennium (2003) med U-She
  • Time and Tide (2001, remastered 2007) med U-She
  • 21st Century (2007) med Ursa-Major, Drew Kalapach stemme, elektronikk
  • Ode to Perfume/Fragrance (2009) 10-tommar singel, avgrensa utgåve på 500
  • Good Morning Story (2010) dobbel-LP med tre ekstra spor, avgrensa utgåve på 500
  • Way to LA (2010) 10-tommar singel samarbeid med Bison og Ursa-Major
  • Let's Get Hot/Let's Get Cool (2010) 12-tommar single, avgrensa utgåve
  • Persian Love (Remix)/My Persian Love (2010) 12-tommar singel
  • Dream Again (2010) 10-tommar dobbel EP
  • Hit Hit Flop Flop (Remix)/Hey Baba Reebop (2011) 7-tommar singel, avgrensa utgåve på 444

Med Can: Diskografien til Can

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. «Holger Czukay, 79, Influential Rock Experimenter, Is Dead». New York Times (på engelsk). 8. september 2017. 
  2. Ankeny, Jason (24. mars 1938). «Holger Czukay». AllMusic. Henta 4. mars 2013. 
  3. Interview with Holger Czukay
  4. 4,0 4,1 Biography at Spoon Records
  5. «can - publications». Czukay.de. Henta 4. mars 2013. 
  6. Variasjonar - an online radio series on the history of sampling curated by Jon Leidecker for Ràdio Web MACBA
  7. Du Noyer, Paul (2003). The Illustrated Encyclopedia of Music (1st utg.). Fulham, London: Flame Tree Publishing. s. 398. ISBN 1-904041-96-5. 

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]