Holi

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Holifeiring på 1800-talet.

Holi (hindi होली) er ei hinduhøgtid som særleg blir feira i Nord-India og Nepal. Festen er ei vårhøgtid og ei nyttårsfeiring. Han går over to dagar, siste dagen av månaden phalgun og første av tsjaitra i det nye året. I den vestlege kalenderen fell han i mars eller april.

Moderne holifeiring ved Universitetet i New Mexico.

Høgtida er best kjend for at ein kastar eller spruter farga vatn og fargepulver på folk. Tradisjonelt har ein laga desse av raud kum kum, gul gurkemeie, grøn neem eller gulgrøn bel, men i dag er det vanlegare å bruka sterke, syntetiske fargepulver. Holikvelden blir ofte feira med bålbrenning, og eld er også mytologisk sett viktig for denne høgtida. Nokre stader drikk ein den cannabishaldige drikken bhang for å feira holi.

Mytologi[endre | endre wikiteksten]

Bileta av guden Krisjna som feire holi med Radha og gopiane.

I tillegg til å vera ei vårhøgtid blir holi feira til minne om avsetjinga av den mektige demonkongen Hiranjakasjipu, som forlangte at folk berre skulle tilbe han og ikkje andre gudar. Men sonen Prahlad heldt fast på Visjnutrua si. Etter at ulike forsøk på å drepa sonen — forgifting og nedtramping av elefantar — misluktest, let faren Prahlad sitja i fanget på dottera Holika og tende eit bål rundt dei. Holika kunne nemleg ikkje skadast av flammar. Men Prahlad bad til Visjnu om vern, og underet skjedde at Holika brann opp medan Prahlad blei verande uskadd. Seinare kom Visjnu i monsterform og drap den nær usårlege demonkongen.

Ei anna forteljing som blir forbunden med holi er korleis kjærleiksguden Kama, i eit forsøk på å få Sjiva interessert i den tilkomande kona Parvati, braut av meditasjonen til guden og som straff blei brunnen opp av krafta frå det tredje auget til Sjiva. Etter at Kama si kone hadde bede for han, vekte Sjiva han til liv att. Holi er dermed ei tid for liv og kjærleik.

Guden Krisjna skal ha vore særleg glad i å feira holi, og høgtida blir markert i heile seksten dagar i Vrindavan og Mathura, der han skal ha vakse opp.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]