Camera obscura

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
(Omdirigert frå Holkamera)
Camera obscura-kasse der motivet føre holet blir projisert via ein spegl inne i kassa som eit lysbilete på ei matt glasplate oppå kassa.
Eit camera obscura i ein bygning i Mülheim an der Ruhr i Tyskland viser biletet av den opplyste utsikta utanfor bygningen projisert på ei flate i et mørkt rom innanfor.

Camera obscura (latinsk for mørkt rom) eller holkamera er ei enkel form for projeksjonsapparat eller avbildingsmaskin. Innretninga består av eit mørkt avlukke med eit lite hol der ljoset frå omgivnadene føre holet slepp inn, og dermed avbildar seg som eit opp-og-ned-vendt lysbilete på bakveggen inne i avlukket.

Slike innretningar vart tidlegare brukt som hjelp for nøyaktig avteikning av utsnitt av den synlege røyndomen, og dannar grunnlag for episkopet og fotografiapparatet. Eit fotoapparat blir framleis kalla «kamera», det vil seie «kammer».

Verkemåte[endre | endre wikiteksten]

Prinsippet bak camera obscura kan demonstrerast enkelt med ei mørk kasse eller eit avblenda rom med eit hol eller lite lysopning i den eine sidan. Ljoset som blir reflektert frå ein gjenstand eller eit landskap utanfor kassa eller rommet, vil skine igjennom holet og treffe ein del av bakveggen som eit lysbilete der motivet står opp-og-ned og er speglvendt. Ein teiknar kan leggje eit papir eller eit anna teikneunderlag på veggen der projeksjonen treffer, og streke opp og kopiere motivet over på underlaget. Metoden sørgar for at perspektiv og storleiksforhold blir korrekt attgjeve, og avbildninga virkar dermed meir røyndomstru. Djupneskarpleiken er uavgrensa. Skarpleiken er avhengig av storleiken på holet.

Camera obscura kan òg utstyrast med optiske linser og spegl for å forsterke ljoset som slepp inn og få fleire detaljar i lysbiletet. Motivet blir likevel litt forteikna som følgje av aberrasjon, det vil seie optiske avbildingsfeil.

Det finst fleire camera obscuraer i verda, òg i Noreg.Det største[daud lenkje] av desse står i Trondheim, der det er mogleg for vitjande å stå inne i sjølve kameraet.

Sjå òg[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]