Hollases Krønike

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk

Hollases krønike er ein roman av Ragnhild Jølsen (1906). Det er ein studie vondskapen sin natur, først og fremst personifisert i den demoniske, sløge, sleipe, kyniske og brutale hovudpersonen Hollas, med tilnamnet «den onde». Han framstår både som kunstnar og falskmyntar, ja, som «kirkefyrste».

Form og stil[endre | endre wikiteksten]

Hollases krønike fell i fire hovudbolkar som er bygde opp av ei rekkje poengterte meir eller mindre eventyrlege småforteljingar som til saman utgjer ein heilskap. Ragnhild Jølsen har lagt vinn på å meisle ut språket etter førebilete av forteljingar som har levd på folkemunn. Det er og innslag av bibelstil.

Hollas lever «evindelig»[endre | endre wikiteksten]

Det er truleg tilsikta når handlinga er lagd til ei tid som er vanskeleg å fastslå presist. Både 1700-talet og 1500-talet har vore foreslått. [1] Det er i alle høve ei tid rik på levande folketru, og skildringa er full av motiv frå segner og eventyr. Det heiter også at «Hollas lever evindelig».[2]

Overtaket i vondskap[endre | endre wikiteksten]

Kunstsmeden og treskjeraren Hollas, har ein diffus bakgrunn. Han har slått seg ned i ei bygd der han ved uærlege middel har eigna til seg storgarden «Munkejord». Hollas skaltar og valtar med folk på garden, og han får meir og meir makt i bygda. Og ein dag har han til og med blitt eigar av sjølve kyrkja og får tilnamnnet «kirkefyrste». Folk er livredde for han og har kjensle av at han er i pakt med farlege krefter. Berre ein person vågar å handle openlyst mot Hollases vilje, Søren Krumholt, eigaren av grannegarden. Han er om lag like omsynslaus som Hollas. Striden mellom dei tykkjest vera uavgjort og strekkjer seg ut over livet deira her på jorda, endå om det er grunn til å spørja seg om ikkje Hollas likevel har eit overtak i vondskap. Den eine representerer den utkropne bonden, den andre sjølve styggedomen. [3]

Hollases evangelium[endre | endre wikiteksten]

Handlinga når eit uhyggeleg klimaks under ein koleraepidemi då presten har lyst messefall. Brått står ein underleg, ukjend prest på preikestolen. Han talar så kyrkjelyden først sit som lamslegen, men etter kvart blir han meir og meir opphissa. Den framande presten mest som synkverver dei alle, ja, han snur sjølve bodskapen i evangeliet på hovudet:

««Betaler ingen ondt med godt, ei heller godt med godt» fortsatte han. «Betaler da heller ondt med ondt og godt med ondt; […] Beflitter Eder på å gjøre det, som godt er mot meg og dernest mot eder selv. Er det mulig, da ha ufred med alle» (Jølsen 1975, s.138).

Endeleg reiser det seg en anonym person frå fatigbenken, stiller seg opp i koret, talar ord frå Bergpreika og får alt på rett kjøl att, og det fell ro over forsamlinga. Men kyrkjelyden anar nok at det var Hollas sjølv, iført kappe og ein pipekrage på snei, som ein augneblink tok makta over sinna. Folk går at Hollas er bleik som pesten. Ikkje lenge etter døyr han av kolera.

Kamp mellom godt og vondt[endre | endre wikiteksten]

Det finst også gode krefter i bygda, men presten er godtruande og veik og kjem til kort andsynes Hollas som til og med lurar han på dødslægjet sitt. Også syster av presten, den vakre og ljose Angelica, blir, i alle fall i første omgang, overvunne av Hollas, jamvel om ho ønskjer å tene det gode. Ho er kunstnar, og Hollas tingar eit altarbilete av henne som ho legg all sin kjærleik i. Men då biletet er kome på plass i kyrkja, kan alle sjå at hovudfiguren på underleg vis har fått Hollases andletsdrag utan at ho har vilja det. Angelica sjølv set Hollas på plass. Ho målar over det nye altarbiletet med svart neste nott. Hollas vert djupt krenkt. Men han kan ikkje hemne seg på henne, for ho har reist frå bygda. Ho har uansett lide eit tap som ikkje kan vølast, men det ser ut til at ho veks som menneske og kunstnar.

Folkelege førestillingar[endre | endre wikiteksten]

Folkelege førestillingar om fanden sine herjingar med menneska er sterkt til stades i krønika om Hollas. Hovudpersonen er utstyrt med trekk som peiker beinveges mot førestillingar om den vonde sjølv (ormeauga,stiv hofte, haltande gonglag og eit særskilt tilhøve til ein flott, kolsvart hest). Ein einaste gong syner han hestehoven. Og om han ikkje nettopp er den vonde, som han til tider liknar så mykje på at det er vandt å skilja, så har han i alle høve gjort kontrakt med han (jf. eventyret om «Smeden som de ikke turde slippe inn i helvete» hjå Asbjørnsen og Moe). Og når Hollas køyrer i vill fart gjennom bygda med presten bak på sledemeiane, gjev det minningar om forteljingar om Fanden som skysskar, ein segntype som mellom anna er knytt til Petter Dass som fekk skyss med fanden til Købehavn. Men medan presten Petter Dass hadde makt over fanden, er det motsette tilfelle i Jølsens bok. Der er det er presten som er i Hollases makt.[4]

Referansar[endre | endre wikiteksten]

  1. Jf. Willy Dahls innleiing til Hollases krønike utg. 1975
  2. Alle framstillingar av Ragnhild Jølsens forfattarskap legg vekt at ho har eit nært tilhøve til munnleg folketradisjon
  3. Jf.avslutninga, skildringa av kampen mellom to gjenferd på kyrkjegarden
  4. Meir om dyresymbolikken i Hollases krønike, sjå Christensen 1989

Litteratur[endre | endre wikiteksten]