Hollywood (Down on Your Luck)

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hollywood (Down on Your Luck)
Singel av Thin Lizzy
frå albumet Renegade
B-side

The Pressure Will Blow

Utgjeve Februar 1982
Innspelt 1981
Sjanger Hardrock
Lengd 4:09
Selskap Vertigo
Låtskrivar(ar) Scott Gorham, Phil Lynott
Produsent Thin Lizzy og Chris Tsangarides

«Hollywood (Down on Your Luck)» er ein song av det irske rockebandet Thin Lizzy, skriven av gitaristen Scott Gorham og bassisten og vokalisten Phil Lynott, og gjeven ut på singel i 1982. Det var den einaste singelen som kmo ut frå albumet Renegade i Europa.[1]

Singelutgiving[endre | endre wikiteksten]

Opningssporet på side 2 av Renegade, «Hollywood (Down on Your Luck)» vart gitt ut som singel i februar 1982 over tre månader etter albumet kom ut i november året før. Vertigo Records nekta å finansiera ein musikkvideo for songen, noko som bidrog til ei relativt dårleg hitlisteplassering samanlikna med tidlegare singlar.[2] I Storbritannia nådde «Hollywood» 53. plassen, noko som bortsett frå den førre singelen, «Trouble Boys», som òg nådde 53. plassen, var den lågaste hitlisteplasseringa for ein Thin Lizzy-singel i Storbritannia sidan «Wild One» ikkje nådde hitlistene i 1975. I Irland nådde ikkje singelen listene i det heile, igjen den dårlegaste prestasjonen sidan midten av 1970-talet.[1] Han nådde likevel 24. plassen på den amerikanske Mainstream Rock-lista.[3]

Andre land og format[endre | endre wikiteksten]

«Hollywood» vart gitt ut i ulike territorium, alle med same biletomslag eller med eit vanleg omslag utan bilete. I Storbritannia vart det òg gitt ut ein 7" biletplate i eit vanleg plastomslag. Dei første 30 000 singelane var biletplater og resten var svart vinyl.

I Nederland vart den vanlege b-sida «The Pressure Will Blow» erstatta med eit anna spor frå Renegade, «Mexican Blood».

I Canada var B-sida på singelen «Girls», skriven av Lynott, den tidlegare Thin Lizzy-gitaristen Brian Robertson og tidlegare Rainbow-bassist Jimmy Bain. «Girls» var ikkje ein Thin Lizzy-innspeling, då ho tidlegare var med på Lynotts soloalbum Solo in Soho.[4]

TV-framferd[endre | endre wikiteksten]

Den dårlege plasseringa til singelen på hitlistene var trass i eksponering på TV i beste sendetid i Storbritannia, då bandet framførte singelen som gjestar på BBC One sitt laurdagskveldsprogram Jim'll Fix It, den 9. januar 1982. Showet arrangerte normalt for at barn skulle få ønska sine oppfylt, men ved dette høvet hadde May Booker, ei bestemor i 70-åra, spurt om ho kunne opptre med Thin Lizzy. Songen vart litt omarrangert for TV-framferda, Lynott song ein litt annan tekst, og Booker spelte ein klaversolo som ho hadde skrive sjølv. Den faste klaverspelaren i bandet, Darren Wharton, spelte saman med henne. Ho bidrog òg med korvokal saman med Wharton, Gorham og andre gitaristen til bandet Snowy White. Etterpå overrekte Lynott og programleiaren av showet Jimmy Savile Booker den vanlege Jim'll Fix It-medaljen, noko Thin Lizzy-memorabilia og ein innramma kopi av notane til soloen hennar.[5]

Andre versjonar[endre | endre wikiteksten]

Warrant spelte inn songen på coveralbumet sitt frå 2001, Under The Influence.

«Hollywood» vart spelt av Adler's Appetite på deira EP med same namn i 2005.

Medverkande[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. 1,0 1,1 Alan Byrne, «Thin Lizzy: Soldiers of Fortune», Firefly, 2004, p. 143
  2. Alan Byrne, «Philip Lynott: Renegade of Thin Lizzy», Mentor, 2012, s. 116
  3. «Thin Lizzy Billboard statistics». AllMusic. Henta 4. desember 2011. 
  4. ««Hollywood» (Down on Your Luck)"». Thin Lizzy Guide. Henta 9. juli 2013. 
  5. Mark Putterford, «Philip Lynott: The Rocker», Castle, 1994, s. 224