Holmen kyrkje i Asker

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Holmen kyrkje
kyrkje
Kyrkjesamfunn Den norske kyrkja
Bispedøme Oslo bispedømme
Prosti Asker prosti
Arkitekt Knut Knutsen
Material Betong
Innvigd 28. november 1965
Kyrkjegard Nei
Døypefont Granitt
Altartavle Karl Høgberg
Sitjeplassar 340+200
Kart
Holmen kyrkje
59°52′19″N 10°29′25″E / 59.87194444°N 10.49027778°E / 59.87194444; 10.49027778
Wikimedia Commons: Holmen kirke, Asker
Mot altaret
Foto: Teigens Fotoatelier

Holmen kyrkje er ei av kyrkjene i Asker prosti under Oslo bispedøme, og ligg på Vestre Nes, mellom Nesbru og Slependen, i Asker kommune i Akershus fylke.

Holmen kyrkje er mellom dei fyrste sokalla «moderne arbeidskyrkjene» som vart bygt i Noreg. Kyrkja er teikna av arkitekt Knut Knutsen, som vann den tilskipa arkitektkonkurransen, og vart vigsla 28. november 1965. Ho har kvadratisk grunnplan, er bygd i betong og mur med høgt saltak i trekonstruksjon, og med to kyrkjeklokker plassert i ein takryttar (ein konstruksjon på mønet) med liknande saltak. Talet på sitjeplassar er 340, som kan aukast med 200 ved å opne opp til ein tilliggjande kyrkjelydssal. Dessutan er det 70 sitjeplassar i ei kyrkjestove.

Altertavla er måla av Karl Høgberg, orgelet (2011) er frå Marcussen & Søn, og dei to kyrkjeklokkene er støypte av Olsen Nauen Klokkestøperi i Tønsberg i 1965.

Det er ikkje gravlund ved kyrkja.

Holmen kyrkje har namnet etter den dåverande Holmen skulekrins, som femna om eit stort geografisk område, frå kommunegrensa mot Bærum og sørover, med Holmen skule på Nesbru som sentrum. Holmen skule hadde namnet etter Holmen ved Holmenbukta i Holmenfjorden, der skulebygningane låg før skulen flytta inn i eit nybygg på Nesbru i januar 1932.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]