Holmen på Fedje

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Holmen
stad
Land  Noreg
Fylke Hordaland
Kommune Fedje
Postnummer 5947 FEDJE
Gardnummer 168

Holmen er ein gard og ein holme på Fedje. Holmen var opphavleg tre bruk: sjølve Holmen, Kremmarholmen og Ertsholmen. Han vart nemnd første gongen i 1563. Dei to sistnemnde vart mest truleg fråskild Holmen, men vart etter kvart brukt meir og meir i lag, og i 1859 vart dei slått saman igjen, då kalla Kremmarholmen. Ertsholmen vart nemnd første gongen i 1644 og vart òg kalla Vågen.

Holmen med Kremmarholmen og Ertsholmen er ein holme i Kyrkjevågen, midt i hovudhamna på Fedje. Han ligg sentralt til for båttrafikken, og det vart tidleg handels- og gjestgjevarstad her. I tillegg til denne holmen, omfatta eigedomen òg heile Vestkanten, som er den nordvestlege delen av Fedje. Dette området var i lange tider utan busetnader og vart nytta som beitemark for Holmen. På 1800-talet fekk fleire setje opp hus her, men utan tilgang til jord.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  • Arvid Skogseth (1997). Fedje og folket: Gards- og ættesoge for Fedje. Fedje kommune.