Holmen i Søgne

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
(Omdirigert frå Holmen ved Trysfjorden)
Holmen under Holmensheia.
På Holmen ligg trekkferja som ein gong gjekk over fjorden

Garden Holmen ligg ved Trysfjorden i Kristiansand kommune i Agder. Han ligg på austsida av fjorden inn mot Try inst i fjorden. Garden grensar og mot Eigestøl, Tufte og Øvre Knibe. Husa ligg på ei slette nedanfor Holmensfossen som vert laga der Holmensbekken kryssar E 39. I eldre tider vart garden kalla Sandnes.

I tillegg til jordbruk har skogen, som er blandigsskog av bartre og lauvtre, vore viktig for Holmen. Mykje tyder på at her var skipsverft på 1500-talet. Då var det og sagbruk. Holmensbekken har og gitt vatn til kvernar, og det var ein av dei viktigaste stadene i distriktet for maling av korn. Folk har kome heil frå Flekkerøya og frå Lyngdal for å male.

Industri[endre | endre wikiteksten]

Fossen har og gitt grunnlag for industri på Holmen. I 1894 vart Holmensfossen kjøpt av A/S Trysfjord fabrikker. Ein støre fabrikkbygning vart reist. Trysfjord fabrikker laga kjerrehjul der felgen vart samansett av to tilbøygde halvsirklar. Desse hjula skilde seg då frå andre som oftast var samansette av seks delar. Fabrikkbygningen brann ned 12. juli 1902. Brannen spreidde seg slik at dei fleste husa på Holmen brann ned. I alt brann 15 – 16 hus. Fabrikken vart ikkje bygd opp att. Sagbrukverksemda og trelasthandelen heldt fram. Det vart skore tynnestavar til om lag 1960.

Ein landhandel vart driven til 1956.

Holmen har gardsnummer 51 i Søgne.

Komunikasjon[endre | endre wikiteksten]

I 1770 vart postvegen, som tidlegare gjekk til Try, ført ned til Holmen. Det kom trekkferje over det smale sundet til Ospedalen på vestsida av Trysfjorden. Folk frå Ospedalen hadde ansvaret for ferja fram til 1820-talet. Då tok folk frå Holmen over. Eit tau var fest i land på båe sider av sundet. Etter det vart ferja trekt. Ferjesambandet vart lagt ned i 1923 då det kom veg langs Holmensheia inn til Try. I 1985 vart ferjeanlegget på Holmen og i Ospedalen sett i stand av Agder Motorhistoriske Klubb. Ferja, som om sommaren ligg på Holmen, vart bygd ved Lunden Snekkarverkstad ved Sveindal i 1941. Ho gjekk i trafikk over Mandalselva til i 1952.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  • Kjell J Bråstad: Søgnboka. Bind 2. Søgne kommune 1989
  • Jostein Andreassen: Tretti turer i Søgne. Søgne skolekontor. 1993.