Holmengrå fyrstasjon

Koordinatar: 60°50.5807′N 4°38.9654′E / 60.8430117°N 4.6494233°E / 60.8430117; 4.6494233
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
(Omdirigert frå Holmengrå fyr)
Holmengrå fyrstasjon

FylkeVestland
KommuneFedje
FunksjonKystfyr
Oppretta1892
Koordinatar60°50.5807′N 4°38.9654′E / 60.8430117°N 4.6494233°E / 60.8430117; 4.6494233
Fyrtårn
Høgd16,0
FormKvit fyrbygning med tårn.
ByggjematerialeStøypejern
Fyrlys
LyskarakterIsofase med ein periode på 6 sekund.
Lyshøgd35,5 moh.
Lysvidde13,0 nm
Status
Automatisert1986
Avfolka1986
Kart
Holmengrå fyrstasjon
60°50′35″N 4°38′58″E / 60.843°N 4.649417°E / 60.843; 4.649417

Holmengrå fyrstasjon (lokalt berre kalla Grånen) er eit kystfyr som ligg på den vesle øya Holmengrå, 7-8 km nordvest for Fedje i Nordhordland, ytst i Fedjefjorden og Fensfjorden, ved innløpet til Mongstad.

Fyret vart oppretta i 1892 og er eit av dei mest vêrutsette fyra langs kysten. Landgang er derfor berre mogeleg i fint vêr. I dag vert det drive utleige av fyrbustaden, men ein kan risikere å verte sitjande vêrfast om vêret skulle verte verre.

Historie[endre | endre wikiteksten]

Holmengrå fyrstasjon is located in Hordaland
Plasseringa til Holmengrå fyrstasjon

Då fyrkommisjonen av 1828 vurderte nytt innseglingsfyr til Bergen kom dei først med framlegg om å byggje det på Holmengrå. Etter ei synfaring i 1851 valde dei i staden Hellisøy fyr og fyret her stod ferdig i 1855. I 1876 vart det sett opp ein varde på holmen.[1] Holmengrå fyr stod ferdig i august 1892. På grunn av dei særs vanskelege landingstilhøva var det store problem å få frakta i land materiale til bygginga, og dette kunne berre gjerast i godt vêr. Bygginga vart derfor kraftig fordyra som følgje av dette.[2] Fyrlyset stod opphavleg i taket på fyrvaktarbustaden.

Huset var opphavleg plassert slik at sjøen vaska heilt opp til huset i tung sjø. Det vart bygt ein høg støypekant for hindre dette, men då dette ikkje hjelpte vart heile huset flytta til den høgaste staden på holmen. Det vert sagt at røynde folk på Fedje hadde åtvara fyrvesenet om denne faren, men at dei ikkje hadde teke omsyn til dette.[1]

I 1940 og 1941 vart fyret utsett for eld frå allierte fly og fekk ein del skadar.

Fyret vart radiofyr i 1947 og i 1948 vart det gjort framlegg å avbemmane fyret, sidan fyrvaktaren og kona hans kunne vere vêrfaste i lange periodar om vinteren, utan høve til å kome seg i land. Fyret fekk tåkelur, ein diafon, i 1954 og vart elektrifisert i 1955. Det vart då bygt eit maskinhus med dieselaggregat og eit 16 meter høgt mursteinstårn, og fyrlykta vart flytta frå fyrvaktarbustaden til dette tårnet. Samstundes vart fyret fråflytta og bustaden ominnreidd med hyblar for vaktmannskapet. Då oljeraffineriet på Mongstad kom i drift vart det ein sterk auke i skipstrafikken rundt fyret, og i 1975 vart det derfor montert racon. Fyret vart automatisert og fråflytta i 1986.[2]

Skipsforlis ved fyret[endre | endre wikiteksten]

Holmengrå sett frå Varden på Fedje.
Foto: Frode H. Korneliussen

Det har vore ei rekkje skipsforlis ved Holmengrå fyr i nyare tid:

  • 20. september 1982: Lasteskipet «Hico» frå Stavanger sprang lekk og sokk ved Holmengrå fyr. Ingen omkom.
  • 4. februar 1989: Fraktebåten «Coast Trader» gjekk ned ved Holmengrå. Mannskapet på fire vart redda i siste liten.
  • 25. september 1989: Smågasstankaren «Melrose» havarerte i storm sørvest for Holmengrå fyr. Alle vart berga.

Sjå òg[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Referansar[endre | endre wikiteksten]

  1. 1,0 1,1 Oskar Tangen (1984). Bygdebok for Fedje. Fedje: Fedje bygdeboknemn. s. 224-225. 
  2. 2,0 2,1 Fedje kommune (1995). «Naturtilhøva». I Nils Georg Brekke og Ronny B. Skaar. Kulturhistorisk vegvisar - Fedje. Fedje: Nord 4 - Vestkyst. s. 47.