Holmenkollstafetten

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Opningsseremonien på Bislett stadion i 1946.
Foto: Leif Ørnelund/Oslo Museum

Holmenkollstafetten er eit stafettløp gjennom gater og vegar i Oslo som Idrettsklubben Tjalve skipar til kvart år i fyrste halvdelen av mai og marknadsførar som «vårens vakraste eventyr». Stafetten er omlag 18 kilometer lang, med 15 etappar av ulik lengd. Start og mål for dei såkalla eliteklassene er på Bislett stadion i sentrum av byen, dei andre startar attmed St. Hanshaugen park. Rekna etter talet på påmelde er stafetten eit av dei største friidrettsarrrangementa i Noreg.

Stafetten vart arrangert for fyrste gongen i 1923 med 10 etappar frå Bislett stadion, opp til Besserud og attende til Bislett, og var då berre for menn. I 1928 vart stafetten lengd til 15 etappar og fekk den traseen som stort sett har vore følgt sidan, sjølv om det har vore gjort diverse endringar undervegs. Stafetten vart ikkje arrangert i 1937, i krigsåra 1940-1945 og i 1971. Frå 1975 fekk kvinner lov til å delta, frå 2006 vart det innført ei individuell klasse, og frå 2010 ei klasse for funksjonshemma.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]