Holmsbu Billedgalleri

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Holmsbu billedgalleri
Foto: Helge Høifødt
Tilkomsten til galleriet
Foto: Helge Høifødt

Holmsbu Billedgalleri, Stiftelsen Holmsbu Billedgalleri Henrik Sørensens samlinger, er ei stifting som eig eit kunstmuseum på Holmsbu i Hurum kommune. Museet, som opphavleg var eigd av Hurum kommune, vart skipa i 1963 på grunnlag av ein gåve med med bilete frå kunstmålaren Henrik Sørensens son, Sven Oluf Sørensen, og har faste samlingar med målarstykke av Henrik Sørensen, Thorvald Erichsen og Oluf Wold-Thorne, og dessutan eit utval av Henrik Sørensens samling av fajanse, antikvitetar og bøker. I tillegg vert det halde skiftande sommarutstillingar. Drammens Museum har stått for drifta av museet frå 2004 i samsvar med ei konsolideringsavtale.

Arkitekt Bjart Moen har teikna museumsbygningen, som stod ferdig i 1973 etter å ha vorte påbyrja i 1963. Det vart lagt stor vekt på å innpasse bygningen i det særeigne terrenget, og på at vegetasjonen ikring bygningen skulle få stå mest mogleg urørt. Bygningen vart kledd med den raude hurumgranitten som kunne takast ut av sjølve tomta, som til dels var ei djup ur, og tilkomsten vart ein stemningsfull stig opp gjennom skogen og fram til galleriet, som ligg i harmoni med bergformasjonen lengst oppe.

Galleribygningen er oppdelt i fire kubistiske volum med ei avdelinga av samlingane i kvar. Hovudsalen er eit lukka rom med overljos, og i hjørnesalen er den eine veggen eit vindauge av glas som gjev utsyn til sjølve naturrommet. Bygningen vart i 1983 honorert med Houens fonds diplom for framifrå arkitektur. Bygningen og skogsområdet ikring er freda av Riksantikvaren.

Årsaka til at galleriet vart lagt i Holmsbu, var at denne vesle tettbygde staden med fiskarar, handverkarar og bønder attmed Drammensfjorden på sørvestsida av Hurumlandet på fyrste halvparten av 1900-talet, då kom til å hyse den største kolonien av kunstmålarar i den norske kunstsoga. Dei sentrale kunstnarane i denne Holmsbukolonien, Oluf Wold Torne og Thorvald Erichsen, var mellom pionerane i utviklinga av det moderne måleriet i Noreg. Oluf Wold Tornes dotter, Ragna Rosati (1907-1994), sa at far hennar gjerne vart rekna som oppdagaren av Holmsbu, etter at han og familien hadde leigd seg inn på ein plass som heitte Støa i nærleiken av Holmsbu i somrane 1911-1914, og seinare bygde seg hus her, men huset vart ikkje ferdig før Oluf Wold Torne døydde. Thorvald Erichsen kom òg til same plassen sommaren 1911, og leigde seg i mange år frametter inn hos forskjellige fastbuande om somrane, og frå 1919 hos Kris Torne i hennar nye hus. Henrik Sørensen vitja Oluf Wold Torne og Thorvald Erichsen i august 1911, og leigde seg inn i eit grannehus eit par veker. Men sommaren 1913 var Gudrun og Henrik Sørensen attende i Støa, og der vart dei buande så godt som kvar einaste sommar resten av livet i eige hus. Soleis hadde Henrik Sørensen ei så sterk tilknyting til Holmsbuområdet, der han hadde henta fleire av motiva til måleria sine frå, at det var naturleg å minnast han med eit museum her.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]