Holsdagen

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk

Holsdagen er ei bryllaupsmesse som vert arrangert årleg i august i Hol gamle kyrkje og Hol bygdemuseum i Hol kommune.[1]

Arrangementet har vore arrangert årleg sidan 1957, og legg vekt på å vera tradisjonsriktig. Det byrjar med ei vigsling av eit brudepar i Hol gamle kyrkje, før det går over til brureferd langs Holsfjorden. Ferda endar opp i bryllaupsgarden ved Hol bygdemuseum, og bryllaupet blir feira på tradisjonelt vis. Det er også innslag av sentrale hendingar i bygdesoga opp gjennom tidene.[2]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. «Holsdagen». olavsrosa.no. Henta 6. september 2013. 
  2. «Holsdagen». Hol kommune. Henta 6. september 2013. 

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]