Holstebro

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Holstebro
by
HolstebroStoreTorv.JPG
Land Flag of Denmark.svg Danmark

Holstebro
56°21′29″ N 8°37′3″ E
Wikimedia Commons: Holstebro

Holstebro er ein by på Jylland i Danmark med 36 805 ibuarar (2021). Byen er administrasjonssenter i Holstebro kommune.

Holstebro er i særleg grad eit handelssenter og trafikknutepunkt på Vestjylland. Næringslivet elles omfattar ulike industrigreiner, så som slakteri, trevare-, maskin-, tekstil- og plastindustri. Fleire høgskular og spesialskular held til i Holstebro, som òg har sjukehus og er ein garnisonsby.

Byen oppstod som ein vadestad over elva Storå, kjøpstaden er nemnd fyrste gongen i 1274. I mellomalderen fanst her ein stor husdyrmarknad. Industrialiseringa skaut fart etter midten av 1800-talet.

Utsikt over Holstebro

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Commons har multimedium som gjeld: Holstebro