Holstein-frisisk fe

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
(Omdirigert frå Holstein-fe)
Beitande holstein-frisisk ku i Nederland.

Holstein-frisisk fe er ein storferase som stammar frå Nederland og Schleswig-Holstein, men er blitt avla fram til verdas fremste melkerase i USA og Canada. Rasen er no utbreidd over heile verda. Mange populasjonar av kyr produserer eit årleg gjennomsnitt på meir enn 7000 kg mjølk. Holstein-frisisk fe er store dyr som ofte er kjenneteikna av svarte og kvite teikningar. Dei kan også vera hovudsakleg svarte, hovudsakleg kvite eller raude og kvite på farge.

Frå 1970-åra byrja rasen å fortrenga mange lokale storfetypar som mjølkeprodusent i dei fleste vesteuropeiske landa. I eit land som Nederland er ca. 90 % av oksene i avlen av amerikansk opphav. I Sverige er han ein av dei to dominerande storferasane, kjend som svensk låglandsfe eller svensk holstein. Rasen har ikkje hatt stor tyding i Noreg, men foreininga Norsk Holstein blei stifta i 2000.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]