Holveg

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Holveg ved La Meauffe i Frankrike.
Holveg i aktiv bruk i Surrey i England

Holveg er ein type veg som har fått ei nedsenkt U-form frå erosjon av lang tids ferdsle av folk og dyr.[1] Slike vegar har vore i bruk over eit langt tidsrom, og kan sjeldan daterast direkte. Nokre kan likevel knyttast til gravfelt og andre kulturminne frå jernalderen.

Holvegar er kjende over heile Europa, og nokre av dei er framleis i vanleg bruk. Der jordsmonnet er djupt nok, kan slike vegar vara så djupe at sjølv reisande til hest eller med vogner ikkje vil vera synlege over kanten av vegen. Holvegen er først og fremst eit fenomen ein kjenner frå Fastlands-Europa og England. I Noreg er jordsmonnet dei fleste stader ikkje dypt nok til å danna slike djupe holvegar.

Holvegar var vanlege før harde vegdekke som asfalt, og kan vera svært gamle. Det finst ofte gravhauger, varp og andre vegmerke langs desse ferdsleårene. Om vegen blei for djup og gjørmete av slitasje, kunne ein flytta ferdsla berre nokre meter til siden. Slik kan ein finna ei rekke parallelle holvegar som har blitt danna over lang tid.[2] Det største holvegskomplekset i Østfold viste tett trafikk i oldtida ned mot Visterflo i Tune, truleg for å unngå Sarpsfossen. Dette holvehskomplekset er no rasert. Eit anna er påvist ved Kjellandsvik på Jeløy ved Moss.[3]

Galleri[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Kreutzer, Lee (2008). «National Historical Trails: Across Wyoming, US National Park System» (PDF). 
  2. «Nord-Jarlsbergmuseene». Museumsnett (på norsk bokmål). 7. juni 2016. 
  3. «Arkeologi i nord: På vei i Østfold - trekk av et middelaldersk transportlandskap», Arkeologi i nord, 03 oktober 2004, henta 28. november 2018