Holy Smoke av Iron Maiden

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Holy Smoke
av Iron Maiden
frå albumet No Prayer for the Dying
B-side

«All in Your Mind»
«Kill Me Ce Soir»

Utgjeve 10. september 1990
Innspelt 1990
Sjanger Heavy metal
Lengd 3:47[1]
Selskap EMI
Låtskrivar(ar) Steve Harris
Bruce Dickinson
Iron Maiden-kronologi 
«Infinite Dreams (live)»
(1989)
Holy Smoke «Bring Your Daughter... to the Slaughter»
(1990)


«Holy Smoke» er ein song av det engelske heavy metal-bandet Iron Maiden. Det var den første singelen deira med gitaristen Janick Gers, som kom med i bandet i 1990. Singelen kom ut berre få veker før albumet No Prayer for the Dying, og singelen nådde tredjeplassen på UK Singles Chart.

Oversyn[endre | endre wikiteksten]

Songen handlar om dei mange televangelist-skandalane som fann stad i USA seint i 1980-åra, og nemner mellom anna «Jimmy the Reptile» (ein referanse til Jimmy Swaggart), «The TV Queen» (ein mogeleg referanse til Tammy Faye Bakker), Noah og «plenty of bad preachers for the Devil to stoke.» I motsetnad til kva mange trudde, er ikkje songen retta mot kristendomen i seg sjølv, men folk som misbrukar religionen til å gagne seg sjølv. Dette er ein av særs få Iron Maiden-songar med bannord i teksten (til dømes «Flies around shit/bees around honey» og «I've lived in filth/I've lived in sin/and I still smell cleaner than the shit you're in»), som vart erstatta av skot i sensurerte versjonar.

Songen er atypisk for bandet og er kort og beintfram. Han har ein vanleg pop-rock-struktur med ein intro, vers, refreng, vers, refreng, solo, vers og eit refreng som avslutning. Den første soloen vert spelt av Janick Gers og den andre av Dave Murray.

Bandet spelte inn ein humoristisk musikkvideo til sogen, der bandet vert filma på garden til Steve Harris i Sheering, og spelar fotball og køyrar traktor. Bruce Dickinson hoppar kring i ein kålrotåker ikledd ei rosa t-skjorte, Dave Murray spelar gitar i ein bekk, og Janick Gers spelar ein leiketøysgitar i eit symjebasseng. Ein kan òg sjå produsenten på plata, Martin Birch, i videoen ikledd eit slags sadomasokistisk kostyme. Videoen vart regissert av Harris sjølv.

B-sida til singelen var versjonar av Stray-songen «All in Your Mind» og Golden Earring-songen «Kill Me Ce Soir».[2]

Innhald[endre | endre wikiteksten]

  1. «Holy Smoke» (Dickinson, Harris) – 3:47
  2. «All in Your Mind» (Stray-song; Del Bromham) – 5:58
  3. «Kill Me Ce Soir» (Golden Earring-song; George Kooymans, Barry Hay, John Fenton) – 7:03

Medverkande[endre | endre wikiteksten]

Henta frå singelomslaget.[1]

Iron Maiden
Produksjon

Versjonar[endre | endre wikiteksten]

Songar Land & år Katalognummer Format
Holy Smoke / All in Your Mind Australia 1990 EMI 2477-7 Single 7"
Holy Smoke / All in Your Mind France 1990 EMI 2040287 Single 7"
Holy Smoke / All in Your Mind Tyskland 1990 EMI 006 0 204028 7 Single 7"
Holy Smoke / All in Your Mind Italy 1990 EMI 06 20 4028 7 Single 7"
Holy Smoke / All in Your Mind UK 1990 EMI EM 153 Black Labels Single 7"
Holy Smoke / All in Your Mind UK 1990 EMI EM 153 Silver Labels Single 7"
Holy Smoke / All in Your Mind / Kill me Ce Soir EEC 1990 (German Label) EMI 060-20 4028 6 Maxi Single
Holy Smoke / All in Your Mind / Kill me Ce Soir Italy 1990 EMI 14 20 4028 6 Maxi Single
Holy Smoke / All in Your Mind / Kill me Ce Soir UK 1990 EMI 12 EMP 153 Maxi Single 12" + Poster 12"
Holy Smoke / All in Your Mind / Kill me Ce Soir UK 1990 EMI EMP 153 Picture Disc Single 12"
Holy Smoke / All in Your Mind / Kill me Ce Soir Japan Promo 1990 EMI TOCP-6449 CD Single
Holy Smoke / All in Your Mind / Kill me Ce Soir Japan 1990 EMI TOCP-6449 CD Single
Holy Smoke / All in Your Mind / Kill me Ce Soir UK 1990 EMI CDEM 153 CD Single
Holy Smoke USA Promo 1990 Epic ESK 2194 CD Single
Holy Smoke / All in Your Mind Australia 1990 EMI TC-2477-4 Cassette Single
Holy Smoke / All in your Mind UK 1990 EMI TCM 153 Cassette Single

Lister[endre | endre wikiteksten]

Liste (1990) Plassering
Irish Singles Chart[3] 4
Den sveitisiske singellista[4] 20
UK Singles Chart[5] 3

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. 1,0 1,1 «Holy Smoke» 12 Inch Single. Iron Maiden. EMI. 10 September 1990. 
  2. «Holy Smoke». Henta 29. august 2016. 
  3. «Irish singles archive». IRMA. irishcharts.ie. Henta 14 October 2011. 
  4. «Iron Maiden - 'Holy Smoke'». Hitparade. Henta 14 October 2011. 
  5. «Top 40 Official Singles Chart UK Archive 22 September 1990». Official Charts Company. Henta 14. oktober 2011.