Hopp til innhald

Home av Kobi Marimi

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
«Home»
Song av Kobi Marimi
Land Israel
Språk Engelsk
Utgjeve 10. mars 2019
Sjanger Kraftballade
Lengd 02:58
Selskap Unicell
Komponist Ohad Shragai, Inbar Wizman
Tekstforfattar Ohad Shragai, Inbar Wizman
Låtskrivar(ar) Ohad Shragai, Inbar Wizman
Kobi Marimi framfører «Home» under ei av prøvene i Tel Aviv i 2019.

«Home» er ein israelsk kraftballade frå 2019 med songaren Kobi Marimi. Songen var det israelske bidraget i Eurovision Song Contest 2019 i Tel Aviv. Songen vart utgjeven 10. mars 2019.[1]

Eurovision Song Contest[endre | endre wikiteksten]

«Home» representerte Israel i Eurovision Song Contest 2019 etter at songaren Kobi Marimi vann HaKokhav HaBa L'Eurovizion, talenttevlinga som vel ut den israelske artisten til Eurovision Song Contest. Som vertsnasjon var Israel automatisk kvalifisert til finalen laurdag 18. mai 2019. I finalen enda «Home» som nummer 23 av 26 bidrag. Songen fekk inkje poeng frå juryane, men samla 35 poeng i telefonavrøystinga.[2]

Listeplasseringar[endre | endre wikiteksten]

Liste (2019) Høgaste

plassering

 Israel (Media Forest TV Airplay)[3] 2

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Amy, Spiro. «Israel's 2019 Eurovision Song: "HOME"». Henta 20. februar 2019. 
  2. «Israel i Eurovision Song Contest 2019». EBU. mai 2019. Henta 26. mai 2019. 
  3. «The weekly parade - the top 10 TV Airplay». Media Forest. Arkivert frå originalen 10. september 2017. Henta 14. april 2019.