Homo erectus

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Homo erectus

Status i verda: Fossil

Rekonstruksjon av eit Homo erectus-hovud.
Rekonstruksjon av eit Homo erectus-hovud.

Systematikk
Slekt: Homo
Vitskapleg namn
Homo erectus

Homo erectus ('det oppreiste mennesket') er ein menneskeape i slekta Homo som levde for rundt 1-2 millionar sidan. Arten oppstod i Afrika og spreidde seg heilt til Kina og Java (i Indonesia). Homo erectus blir anten rekna som ein direkte stamart til det moderne mennesket, eller som ein separat art som levde samstundes som ein annan direkte stamart og Homo neanderthalensis.

Skallen til Pekingmennesket.

Homo erectus vart om lag 1,65 meter høgt og er dei første menneskeapane me kjenner til som gjekk heilt oppreist. Dei hadde eit hjernevolum på 750-1250 kubikkcentimeter. Kraniet er langstrakt men flatt, med utprega augebrynsrygger og ein utskytande underkjeve.

Dei kan ha brukt eld og hadde ein verktøykultur som blir kalla acheuléen. Dei laga jaktvåpen for å felle dyr, men som òg kunne brukast til å knuse bein slik at dei kom til beinmargen.

Originalfunnet frå Java.

Det første skjelettfunnet av H. erectus vart gjort av Eugène Dubois i TrinilJava i Indonesia, og fekk namnet Javamennesket.

Òg Pekingmennesket Sinantropus (funne 1928) høyrer til Homo erectus. Nokre forskarar ser ein eigen art i Afrika, Homo ergaster, 'handverkarmennesket'. Dit høyrer òg det 1,6 millionar år gamle fullstendige skjelettet av Turkana-guten.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Homo erectus


Kjelder[endre | endre wikiteksten]