Hongkong

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
(Omdirigert frå Hong-Kong)
Hopp til navigering Hopp til søk
Hong Kong Special Administrative Region of the People's Republic of China
中華人民共和國香港特別行政區  
Hongkong sitt flagg
Hongkong sitt emblem
Hongkong sitt flagg Hongkong sitt emblem
Hongkong på verdskartet
Status Spesiell administrativ region i Folkerepublikken Kina
Chief executive Carrie Lam
Hovudstad Hongkong
Offisielt språk Engelsk, kinesisk (kantonesisk)
Areal

- % vatn

1104 km²

4,6 %

Folketal

- totalt
- folketettleik

ca. 7 041 000 (2005)
ca. 6378/km²

Verdsdel Asia
Internet-domene .hk
Tidssone UTC +8
Internasjonal telefonkode +852
Nasjonalsong 'Marsjen til dei frivillige' (義勇軍進行曲)


Hongkong (Xiānggǎng eller Heunggong) er ein spesiell administrativ region sør i Fastlands-Kina, omkrinsa av provinsen Guangdong. Hongkong ligg på ei halvøy kalla «dei nye territoria» og på øya Hong Kong. Hongkong har om lag 6,8 millionar ibuarar. Bruttonasjonalproduktet i regionen er på over 200 milliardar US-dollar, noko som gjer Hongkong til ein viktig del av verdsøkonomien.

Historie[endre | endre wikiteksten]

Under den første opiumskrigen i 1841 okkuperte britane øya, og Kina oppgav den året etter. Ho vart deretter ein britisk koloni og eit viktig handelssentrum. Under den andre opiumskrigen fekk britane kontroll over hele Kowloon. I 1898 fekk britane ei leigeavtale for dei nye territoria for 99 år. Etter at kommunistane tok makta, kom ein million flyktningar til Hongkong, som voks og vart ein viktig industriby i verda. Folkerepublikken Kina vegra seg for å forlange området attende, men Folkerepublikken Kina og Storbritannia vart i 1997 samde om at heile Hong Kong-området skulle overtakast av Folkerepublikken, og bli ein spesiell administrativ region. Den 1. juli overtok Folkerepublikken suvereniteten, men avtalen slo fast at Hong Kong fekk rett til å fortsette med kapitalistiske økonomi og demokratiske styre i minst 50 år. Regjeringa i Beijing har i ettertid likevel forsøkt å vedta lover som reduserer Hong Kongs sjølvstyre, noko som har ført til massive protestar og demonstrasjonar.

Utdanning[endre | endre wikiteksten]

Universitet er mellom anna Hongkongs polytekniske universitet[1] (også kalla PolyU), Lingnan-universitetet,[2] The Education University of Hong Kong[3] og Chinese University of Hong Kong.

Galleri[endre | endre wikiteksten]

Hongkong om natta
Hongkong om natta

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Holm, Gro (17. november 2019), «Politiet stormer universitet i Hongkong: Demonstranter har tent på inngangen», NRK (på bokmål), henta 18. november 2019 
  2. Strømmen, Kjersti (16. november 2019), «Kinesiske studenter: – Vi angrer på studier i Hongkong», NRK (på bokmål), henta 18. november 2019 
  3. University title approved, HK Government news, 26. januar 2016

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Wikimedia Commons har multimedia som gjeld: Hongkong
Spire Denne geografiartikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.