Honndalstausene

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Honndalstausene er ei norsk folkemusikkgruppe frå Hornindal i Sogn og Fjordane. Gruppa har gjeve ut fleire plater, og blei nominert til Spellemannprisen i 1989. Same år fekk gruppa Fylkeskulturprisen av Sogn og Fjordane fylkeskommune. Dei kan og syne til gode resultat frå Landskappleiken. Honndalstausene er sett saman av sju kvinner, som alle kjem frå Hornindal. «Honndal» er dialektuttrykk for «Hornindal», medan «taus» er dialektuttrykk for 'kvinne'.

Fyrste gong Honndalstausene spelte saman var på ein distriktskappleik i 1983. Gruppa har spelt konsertar i Noreg og utlandet, og dei har opptredd på TV og radio ved fleire høve. Under OL på Lillehammer i 1994 spelte dei saman med Sissel Kyrkjebø.

Honndalstausene speler norsk folkemusikk med fokus på runddans og gamaldans. Alle medlemmane i gruppa spelar fele, men når dei spelar live har dei med seg gjestemusikarar som spelar instrument som trekkspel, gitar og kontrabass.

Medlemmar[endre | endre wikiteksten]

  • Synnøve Hjellbakk Hole (f. 1963), i dag busett i Hellesylt
  • Gunn Sølvi Gausemel (f. 1963), i dag busett i Bærum
  • Gunnhild Sindre (f. 1964), i dag busett i Stryn
  • Marianne Tomasgård (f. 1966), i dag busett i Ski
  • Bente Tomasgård Storbakken (f. 1965), i dag busett i Krokstadelva
  • Tone Lien Dyrkorn (f. 1965), i dag busett i Oslo
  • Torunn Raftevold Rue (f, 1964), i dag busett i Flatdal

Musikarar på plateutgjevingane[endre | endre wikiteksten]

  • Arne Sigurd Haugen (gitar)
  • Martin Thue (kontrabass)
  • Emil Kroken (trekkspill)
  • Arne Sandum (kontrabass)
  • Tore Løvgreen (trekkspill)
  • Sven Nyhus (produsent)

Diskografi[endre | endre wikiteksten]

  • Gamle Nordfjord (Heilo, 2008)
  • Frie former (Heilo, 2000)
  • Strengeleik (Norsk Plateproduksjon, 1992)
  • Honndalstausene (Heilo, 1988)

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]