Honningbarna

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Honningbarna

OpphavKristiansand
Noreg
MedlemmerEdvard Haraldsen
Christoffer Trædal
Nils Jørgen Nilsen
Simen Følstad Nilsens
Lars Anfrido Emmelthun
Tidlegare medlemmerAnders Eikås
Mathias Johansson
Fredrik Justnes
PrisarSpellemannprisen i rock, P3 Gull for årets liveartist, Spellemannprisen i rock

Honningbarna er eit norsk rock/punk/hardcore band frå Kristiansand. Dei er kjend for norskspråklege tekstar med politiske tema. På scena er dei kjende for at kvart medlem har ei eiga drakt, i tillegg til eit forrykande liveshow der medlemmane like gjerne befinn seg blant publikum som på scena. Valberg sin bruk av cello er òg eit kjenneteikn som gjer at dei skil seg ut frå andre band i tilsvarande sjanger.

Noko anna som skil Honningbarna frå andre band er haldningane deira til eigne konsertar. Dei spelar gjerne ein ekstra konsert tidlegare på kvelden for personar under atten år. Dei inntek heller aldri alkohol før og under konserten. Eit av krava deira til arrangøren er at summen som normalt ville gått til alkohol til bandet i staden skal gå til eit veldedig formål.

Medlemma i gruppa er:

  • Edvard Haraldsen Valberg (vokal og cello)
  • Christoffer Trædal (gitar og koring)
  • Simen Følstad Nilsens (gitar)
  • Nils Jørgen Nilsen (trommer og koring)
  • Lars Anfrido Emmelthun (bass og koring)

Trommeslagaren Anders Eikås omkom i ei bilulukke 31. januar 2012. Eikås vart erstatta av Nils Jørgen Nilsen som fyrst kom inn som reservetrommeslagar før han etterkvart vart offisielt medlem.

Diskografi[endre | endre wikiteksten]

  • 2010: Honningbarna EP
  • 2011: La alarmane gå
  • 2013: Verden er enkel
  • 2015: Opp De Nye Blanke

Utmerkingar[endre | endre wikiteksten]

Referansar[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]