Hooverphonic

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hooverphonic
Hooverphonic Atlas Weekend 2019.jpg
Aktiv1995–
Sjangertrip hop, downtempo, Chill-out, lounge-musikk, kunstrock, dream pop
PlateselskapPlay It Again Sam

Hooverphonic er ei belgisk musikkgruppe som vart skipa i oktober 1995. Gruppa vart tidleg kategorisert som eit triphop-band, men vidareutvikla raskt lydbiletet sitt til å omfatta sjangrar som elektronisk musikk, indiepop og rock. Opphaveleg heitte gruppa berre Hoover, men endra seinare namn til Hooverphonic. Årsaka var å unngå samanblanding med andre grupper som heitte Hoover, og for å unngå eventuell rettsleg forfølging frå støvsugarselskapet The Hoover Company.

Dei opphavlege medlemmane til gruppa var vokalist Liesje Sadonius, keyboardist Frank Duchêne, bassgitarist Alex Callier og gitarist Raymond Geerts. I 1997 overtok Geike Arnaert som vokalist, men ho forlét gruppa i 2008 for å satsa på ein solokarriere.[1] Den siste konserten Hooverphonic gjorde med Arnaert fann stad 13. desember 2008 i Jekaterinburg i Russland. 29. oktober 2010 gav Hooverphonic ut ein ny singel. 14 ulike vokalistar framførte songen, og til slutt vart Noémie Wolfs vald som den nye frontfiguren til Hooverphonic.[2] Knappe fem år seinare, i mars 2015, trakk Wolfs seg frå Hooverphonic. I 2018 overtok Luka Cruysberghs som vokalist, før Arnaert kom attende som vokalist i 2020.[3]

Hoovephonic vart vald til å representere Belgia i Eurovision Song Contest 2020 i Rotterdam i Nederland, med songen «Release Me», men 18. mars 2020 avlyste EBU Eurovision Song Contest på grunn av koronaviruspandemien.[4] I staden representerte gruppa Belgia i tevlinga i 2021 med låten «The Wrong Place».[5][6]

Historie[endre | endre wikiteksten]

Hooverphonic fekk internasjonal merksemd gjennom låten «2 Wicky» (frå A New Stereophonic Sound Spectacular) som vart brukt som filmmusikk på Bernardo Bertoluccis film Stealing Beauty frå 1996. Etter utgjevinga av A New Stereophonic Sound Spectacular forlét vokalist Sadonius bandet og inn kom Kyoko Baertsoen (songar frå det belgiske bandet Lunascape) som vart i gruppa til 1998, der ho vart erstatta av Geike Arnaert, som er noverande vokalist.

Etter ein omfattande europeisk turné med andre artistar som Massive Attack, Morcheeba og Apollo 440 gav Hooverphonic ut Blue Wonder Power Milk i 1998 med 18 år gamle Arnaert som songar. Dette albumet skilde seg ut frå den førre utgjevinga ved at det hadde mindre taktpausar og fleire samplingar og dessutan tradisjonelle songstrukturar. Singelen «Club Montepulciano» vart ein stor slager i Belgia og ved ulike collegeskular i USA. «Renaissance Affair» frå same album vart forresten brukt i amerikansk reklamekampanje for den nye «folkevogna» frå VW, medan «This Strange Effect» vart brukt i reklame for ein mobiltelefon frå Motorola.

Hoovephonic følgde opp med utgjevinga The Magnificent Tree (2000), som førte gruppa mot eit varmare og meir mottageleg lydbilete. Høgdepunkta på dette albumet var «Out of Sight», «Mad About You» (som vart ein stor hit i Europa), og tittelsporet, som låner tungt av Crosby, Stills & Nash's låt «Guinnevere». Same år vart Hooverphonic spurd om å skrive ein låt for opningsseremonien til Europamesterskapet i fotball, som vart halden i Belgias hovudstad Brussel. Resultatet vart ein 12 minutt lang song kalla «Visions» og som vart kjenningsmelodien for heile meisterskapen. Opningsseremonien vart elles sett og høyrt av over ein milliard menneske. Albumet førte òg til at Hooverphonic vart eit stort merkeplaster på markante musikkfestivalar i Europa.

I 2002 skifta Hooverphonic sjangerretning igjen, og resultatet vart konseptalbumet Hooverphonic Presents Jackie Cane. Albumet er basert på ei historie om ein fiktiv karakter. Karakteren, Jackie, er ein songar og kjendis som vert kasta inn i rampeljoset på rekning av forholdet sitt til tvillingsystera si. Ho vert driven til vanvit av kjendispresset, sluttar i bransjen og returnerer heim for å prøve og forbetre forholdet sitt til systera. Jackie Cane ivaretar dei kjende elementa frå det tidlegare utgjevingane til Hooverphonic, og mest kjend er låtane «Nirvana Blue», «Human Interest» (som har ein klar referanse til låten «Echoes» av Pink Floyd) og «The World Is Mine» som var deira fyrste singel. Utgjevinga selde til platinum i Belgia og Hooverphonic vann pris for beste gruppe og beste album i 2002.

I 2003 gav Hooverphonic ut livealbumet Sit Down and Listen to Hooverphonic, som hadde fleire utvalde songar frå katalogen deira og dessutan fleire nye låtar som «Antarctica», «The Last Thing I Need Is You» og ein coverversjon av Lee Hazlewood-låten «My Autumn's Done Come». Dei starta òg på ein omfattande europaturné i september 2003, og spelte over 100 konsertar. Det femte studioalbumet til bandet var dobbeltutgjevinga No More Sweet Music/More Sweet Music som vart gjeve ut i desember 2005.

Den flamske kringskastaren VRT valde Hooverphonic til å representere Belgia i Eurovision Song Contest 2020 i Rotterdam i Nederland.[4] Gruppa skulle opptredd med «Release Me», men 18. mars 2020 vart Eurovision Song Contest avlyst på grunn av koronaviruspandemien i Europa vinteren 2020. I staden representerte gruppa Belgia i Eurovision Song Contest i 2021 med låten «The Wrong Place».[5] Der enda dei ende på 19. plass av 26 finalistar.[7]

Musikar[endre | endre wikiteksten]

Hooverphonic under Marktrock festival 9. august 2008.
Foto: Jaak Geebelen

Noverande besetning[endre | endre wikiteksten]

  • Alex Callier - programmering, bassgitar og keyboard (1995–)
  • Raymond Geerts - gitar (1995–)
  • Geike Arnaert - hovudvokal (1998–2008, 2020–)

Tidlegare medlemmar[endre | endre wikiteksten]

  • Frank Duchêne - lydteknikar og keyboard (1995–1999)
  • Esther Lybeert – hovudvokal (1995–1996)
  • Liesje Sadonius - hovudvokal (1996–1997)
  • Kyoko Baertsoen – hovudvokal (1997)
  • Noémi Wolfs - hovudvokal (2010–2015)
  • Luka Cruysberghs – hovudvokal (2018–2020)

Diskografi[endre | endre wikiteksten]

  • 1996 - A New Stereophonic Sound Spectacular
  • 1998 - Blue Wonder Power Milk
  • 1998 - Battersea (EP)
  • 2000 - The Magnificent Tree
  • 2002 - Hooverphonic Presents Jackie Cane
  • 2003 - Sit Down and Listen to Hooverphonic (livealbum)
  • 2005 - No More Sweet Music/More Sweet Music
  • 2006 - Singles '96-'06 (samlealbum)
  • 2007 - The President of the LSD Golf Club
  • 2010 - The Night Before
  • 2012 - Hooverphonic with Orchestra (samlealbum)
  • 2012 - Hooverphonic with Orchestra Live (livealbum)
  • 2013 - Reflection
  • 2016 - In Wonderland
  • 2016 - The Best of Hooverphonic (samlealbum)

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. «Hooverphonic front woman Geike Arnaert quits band». Side-line.com. 22. februar 1999. Henta 7. mars 2014. 
  2. Noémie Wolfs is new Hooverphonic-singer Arkivert 6. November 2010 ved Wayback Machine.
  3. News, Flanders (11. november 2020). «Hooverphonic is back with Geike Arnaert» (på engelsk). Henta 23. mars 2021. 
  4. 4,0 4,1 Farren, Neil (1. oktober 2019). «Belgium: Hooverphonic to Eurovision 2020». Henta 1. oktober 2019. 
  5. 5,0 5,1 Granger, Anthony (20. mars 2020). «Belgium: Hooverphonic Will Compete At Eurovision 2021» (på engelsk). Henta 20. mars 2020. 
  6. «Belgium chooses 'The Wrong Place'» (på engelsk). 4. mars 2021. Henta 4. mars 2021. 
  7. «Hooverphonic - Belgium - Rotterdam 2021» (på engelsk). Henta 5. september 2021.