Hop fabrikkskole

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Hop fabrikkskole var ein skule som låg i WernersholmvegenHop i Fana bydel i Bergen. Han vart oppretta i 1880 av Petersen & Dekke (Pedek) for barn av arbeidarane på tekstilfabrikken som låg her (Hop Tricotagefabrik).

Skulen hadde to til fire klassar fordelt på to klasserom. Skulen vart formelt lagt ned i 1918, men vart fram til 1927 nytta som avlasting for klassar ved Storetvedt skole (no Paradis skole). Det same vart han nytta til under den andre verdskrigen for elevar som mellom anna gjekk på Midttun skole.

I dag er bygningen kontorlokale.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  • Gunnar Hagen Hartvedt (2003). Bergen Byleksikon (4 utg.). Oslo: Kunnskapsforlaget. ISBN 82-573-1036-0.