Hop i Bergen

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hop
stad
Hopsvatnet på Hop, nær Wernersholm.
Land  Noreg
Fylke Hordaland
Kommune Bergen
Postnummer 5231-5232 PARADIS
5221 NESTTUN
Gardnummer 41
Kart
Hop i Bergen
60°19′36″N 5°20′19″E / 60.326608°N 5.338669°E / 60.326608; 5.338669
Wikimedia Commons: Hop, Bergen

Hop er eit gardsbruk i Fana i Bergen, på austsida av Nordåsvatnet. Området er i dag eit tettbygd villastrøk

Namn[endre | endre wikiteksten]

Namnet kjem av det norrøne Hópr som tyder 'lita, inneluka bukt'.

Historie[endre | endre wikiteksten]

Garden vart først nemnd i ei bispejordebok frå om lag 1590 og høyrte då til domkapitlet i Bergen. Frå 1616 var biskopen eigar. Hop var tingstad for Skjold skipreide i 1660- og 1690-åra. I 1703 makeskifte Jacob von Wida til seg Hop og i 1727 sat svigersonen Nils Wium med garden. Seinare sat Malena Klausdotter Lydt med garden, som ho dreiv med innleigd hjelp. I 1747 brann garden ned og Werner Hosewinckel Christie, som var borgar i Bergen, vart eigar i 1749. Seinare eigarar var mellom anna viseborgarmeister Danckert Fasmer og Daniel Friele, før kanseliråd Werner Hosewinckel Christie kjøpte garden i 1784.

Stader[endre | endre wikiteksten]

Tidlegare «Pedek», eigentleg Petersen & Dekke Tricotagefabrik (1887–1976)

Paradis utgjer den nordlege delen av Hop.

Werner Hosewinckel Christie bygde lystgarden Wernersholm på Hop. Her skreiv Bjørnstjerne Bjørnson «Ja, vi elsker dette landet» i 1859. Nordahl Grieg budde òg på Hop, og i sør ligg Troldhaugen, der Edvard Grieg budde.

Andre stader på Hop er Hop ungdomsskole og tidlegare Hop Tricotagefabrik.

Geografi[endre | endre wikiteksten]

Hop grensar til Nordåsvatnet i aust, Skjold i sør, Nesttun i søraust, Nesttunvatnet og Tveiterås i vest, og Gamlehaugen, Storetvedt og Fantoft i nord.

Grensa i nord går langs Jacob Kjødes veg over Nesttunvegen mot Sandbrekkevegen nord for Eikelundtjørna. Frå Eikelundtjørna følgjer grensa elva til Hopsvatnet og vidare sørover til Nesttunvatnet. Her går grensa lang vestsida av Nesttunvatnet til Kutangen og så sørvestover til Kloppedalen på sørsida av Kloppedalstjørna sør til Sundts veg. Den sørlege grensa går så langs Sundtsveg og Skiparviklia til Nordåsvatnet, som er den austlege grensa.

Bybanen i Bergen[endre | endre wikiteksten]

Bruk av namnet[endre | endre wikiteksten]

Hop har gjeve namn til fleire vegar og stader i området.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]