Hop jernbanestasjon

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Hop jernbanestasjon
Troldhaugvegen2.jpg
Den gamle Hop jernbanestasjon er det kvite huset til høgre for vegen (6. september 2009)
Stasjonsområde
Stad Fana
Opna 1883
Nedlagd 1965
Linjer og rutedrift
Linje(r) Vossebanen
Bergensbanen
Overgang

Hop jernbanestasjon var ein tidlegare stasjon på Vossabanen og BergensbanenHop i Fana bydel i Bergen. Stasjonen låg 8,18 km frå Bergen jernbanestasjon, på den strekninga av Bergensbanen som vart lagd ned etter at Bergensbanen fekk ny og stuttare line ved opninga av Ulrikstunnelen gjennom fjellet Ulriken.

Stasjonen vart opna i 1883, samstundes med opninga av Vossabanen (som seinare vart til ei strekning på Bergensbanen), og vart nedlagd i 1965. Den første stasjonsbygningen var teikna av Balthazar Lange, men vart flytta til Ål i Hallingdal i 1913. Ein ny bygning, teikna av Erland Tryti, vart oppført i 1913 og står her enno, tett attmed bilvegane som går her i dag.

Då stasjonen vart nedlagd, vart bygningen nytta som postkontor og kunstgalleriet Galleri Stasjon, som no er Galleri Langegaarden på Fjøsanger. I 1979 tok Hordaland Vegkontor over bygningen. Bygningen ligg i dag i Troldhaugvegen.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  • Gunnar Hagen Hartvedt (2003). Bergen Byleksikon (4 utg.). Oslo: Kunnskapsforlaget. ISBN 82-573-1036-0.