Hopen på Smøla

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Hopen
tettstad
none  Hopen kyrkje
Hopen kyrkje
Land Flag of Norway.svg Noreg
Fylke Møre og Romsdal
Kommune Smøla
Postnummer 6570 SMØLA
Innbyggjarnamn hopaværing

Hopen er ei bygd og ein tidlegare sjølvstendig kommune i Møre og Romsdal. Kommunen blei etablert 1. januar 1915, då Hopen og Brattvær kommunar blei utskilde frå Edøy kommune. Ved opprettinga hadde Hopen 1050 innbyggarar.

1. januar 1960 blei Hopen og Brattvær slått saman med Edøy kommune igjen, denne gongen med namnet Smøla kommune. Ved samanslåinga hadde Hopen kommune 1550 innbyggarar.

Hopen er administrasjonssenteret for Smøla kommune[1]. Sidan midten av 1980-åra er det bygd opp forretningsområde og rådhus ved Riksveg 669. I 2008 kom her fleirbrukshall.

Ved vegen til Veiholmen ligg Hopen kyrkje.

"Gamle" Hopen sentrum ved Hopen hamn inneheldt daglegvarehandel, post, fiskemottak og kommunal kai. No finst bakeri, overnattingsbedrifter og restaurant.

Ved hamneinnløpet finst eit nasjonalt monument over Oscar Tybring, initiativtakaren til Norsk Selskab til Skibbrudnes Redning, NSSR.

Folketalsutvikling[endre | endre wikiteksten]

Folketalsutvikling for gamle Hopen kommune frå 1915 til 1960:

1.1.1915[2] 1.12.1920[3] 1.12.1930[4] 3.12.1946[4] 1.1.1951[5] 1.1.1960[2]
1050 1240 1353 1454 1512 1550

Fotnotar[endre | endre wikiteksten]

  1. Smøla kommune
  2. 2,0 2,1 Dag Juvkam, Historisk oversikt over endringer i kommune- og fylkesinndelingen (SSB, 1999)
  3. Statistisk årbok for kongeriket Norge 40de årgang, 1920 (Det statistiske centralbyrå, 1921)
  4. 4,0 4,1 Statistisk årbok for Norge 69. årgang, 1950 (Statistisk sentralbyrå, 1950)
  5. Folkemengd i Hopen 1. januar kvart år frå 1951, frå Statistisk sentralbyrå