Hoplittar

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hoplittar i kamp mot kvarandre.

Hoplittar (av gresk hoplon, 'skjold') var tungt væpna fotsoldatar i Hellas i antikken. Utstyret deira, som kan påvisast frå byrjinga av 600-talet fvt., var hjelm, brystharnisk av lêr, beinskjener, tungt, ovalt skjold på venstre arm, lanse og sverd.

Hoplittane dannet kjernetroppane i dei greske borgarhærar. I Aten skulle tredje formueklasse stilla som hoplittar. Dei rikaste danna kavaleriet og dei fattigaste var mellom anna roarar i flåten.

Hoplittane danna ein slutta falanks, og taktikken bygde på den massive tyngden til formasjonen. Denne kollektive krigsteknikken innebar ein viss breidde i deltakinga i militære og dermed også politiske saker, i motsetnad til aristokratiske rytterkampar frå tidlegare tider. Samtidig kravde det å mønstra med hoplittvæpning ein viss velstand. Ein må derfor sjå framveksten av hoplittaktikken i samanheng med utviklinga av den greske polisen eller bystaten til eit krigar- og borgarfellesskap.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

«hoplitter» (31. mars 2016) i Store norske leksikon, snl.no.

Spire Denne militærartikkelen som har med historie å gjere, er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.