Hopparen

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Hopparen er ein kjend lausslått i 2/4-takt, ein vandreslått som finst så godt som over heile hardingfeleområdet. Slåtten er mest vanleg vestafjells, der han og finst i flest former, frå Voss og heilt til Nordfjord. Mykje tyder då på at slåtten er gamal på Vestlandet. Ein av dei eldste og knappaste formene av slåtten er truleg komen frå Nils Rekve eller Per Kvarme, noko som tyder på at slåtten har vore nytta på 1700-talet. Ein variant av slåtten finst òg hjå Ludvig Mathias Lindeman. Hopparen er truleg den mest utbreidde av alle vandreslåttane.

Slåtten har fleire stev knytt til seg:

hev du kje hoppa so hoppa du vel no.
va du inkje galen so flaug du kje so,
fillute sokkar og uppbrende sko,
du dadi ullam du dadi då

eller

har du kje vore i Hjartdal på To,
har du kje hoppa, so hoppa du no.

Slåtten er òg kalla Har du `kje hoppa, etter stevet.

Nedskriftene[endre | endre wikiteksten]

Hardingfeleverket har slåtten som nr 159, ein variantgruppe på 16 nedskrifter:

  • a: Hev du kje hoppa, etter Ola Mosafinn frå Voss[1]. Nedskrift Arne Bjørndal 1908 (B. N.Sl 19). Mosafinn hadde slåtten etter faren Sjurd Liland. Forma er knapp og grei, og gamal på Voss. Denne forma vart nytta av Øystein Sunde då han laga visa Gammalosten over slåtten.

• g: Hjartdølen, etter Torkjell Haugerud, Seljord [7][daud lenkje]. Nedskrift Eivind Groven etter opptak i NRK 1956 (G 1074).

Supplementsnedskrift:

Fotnotar[endre | endre wikiteksten]