Horda Tidend
| Horda Tidend | |||
| Land | Noreg | ||
|---|---|---|---|
| Type | Avis[1] | ||
| Grunnlagd | 1925 | ||
| Nedlagd | 1989 | ||
| Språk | Norsk | ||
Horda Tidend, starta som Vossingen, var ei dagsavis som vart utgjeven i Voss frå 1925 til 1989.[2] Avisa kom fyrste gong ut 1. september 1925 som Vossingen, men bytte namn til Horda Tidend i april 1929, og vart samtidig offisielt partiorgan for Senterpartiet i Voss og Hardanger.[3]
Avisa konkurrerte fyrst og fremst med det bergensbaserte Bondebladet, ei avis som gjekk inn i 1935.[4] Utgjevinga av Horda Tidend stansa under den tyske okkupasjonen, og etter krigen kom ikkje avisa i gang igjen før i april 1949.
Johs K. Ringheim var redaktør for avisa frå 1949 til 1981, og dei neste åtte åra var det fem ulike redaktørar. Avisa var lenge den nest største avisa i Voss, etter avisa Hordaland, og forsøkte å overleve ved å forlate fullformatet og verte politisk uavhengig. Fornyinga førte til eit lite oppsving i opplagstalla, med ein topp på 2413 utgåver i 1987, men 6. januar 1989 vert avisa til slutt lagt ned.[3]
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- ↑ https://snl.no/Horda_Tidend.
- ↑ Sande, Øystein (2000). Aviser på nynorsk. Volda: Høgskulen i Volda. s. 100. ISBN 8276611273.
- 1 2 Eggum, Terje (2010). «Horda Tidend». I Flo, Idar. Norske aviser fra A til Å. Norsk presses historie 1660–2010, bind fire. Oslo: Universitetsforlaget. s. 173. ISBN 978-82-15-01604-7.
- ↑ Eggen (2010), s. 54
Bakgrunnsstoff
[endre | endre wikiteksten]- Søk etter Horda Tidend på Nasjonalbiblioteket