Hordaland Folkeblad

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Hordaland Folkeblad er ei avis som vert utgjeven i Norheimsund i Vestland fylke. Fyrste utgåve kom ut i 1873 og ei av dei eldste lokalavisene i Noreg. Avisa er ei uavhengig lokalavis for Kvam herad og Jondal kommune.

Sigbjørn Linga er redaktør og Camilla Skaar Ljones er dagleg leiar.

Hordaland Folkeblad kjem ut to gonger i veka, tysdag og fredag, og er ei nynorskavis.

På folkemunne vert avisa ofte kalla «Skaaralappen». Avisa er framleis 100 % i Skaar-slekta si eige, no ved femte generasjon, Camilla Skaar Ljones.

Historie[endre | endre wikiteksten]

Fyrste nummer av Hordaland Folkeblad kom ut 27. desember 1873Lofthus under namnet «Hardangeren, et Ugeblad».

Bladet hadde då bak seg nokre få, uregelbundne utgjevingar. Den fyrste Hardangeren vart trykt av BT-trykkeriet i 1871.

Oddmund Børven frå Ullensvang stifta bladet. Han drog til Hamburg for å kjøpa trykkpresse. Det vart bomtur, men han lukkast med handelen i København. Trykkeriet var først installert i eit naust på Børve i Øystese.

Børven selde seinare avis og trykkeri til Nils Nilsson Skaar, Per og Torstein Børve for 3.600 kroner. Skaar, som var lærar ved Hardanger Folkehøgskule, var etablert som redaktør i 1878. Han var representant på Stortinget (Venstre) og opptekjen av folkeopplysing, Noregs frigjering og målsak.

Selskapet Søndre Bergenhus Folkeblad vart skipa i 1879 med 4.500 kroner i aksjekapital, fordelte på 25 aksjonærar. Skaar kjøpte ut alle i 1889.

Namnet vart endra til Hordalands Folkeblad, før det endeleg vart Hordaland Folkeblad.

Tre redaktørar frå Skaar-familen styrte avisa gjennom 112 år frå 1878 til 1990. Den siste, Bjørn Skaar, var redaktør i 58 år til 1990, berre avbrote av tre krigsår. Hordaland Folkeblad var lenge såkalla Venstre-avis. Bjørn Skaar avvikla den politiske tilknytinga.

Då han trekte seg i 1990, overtok Olav Bjørkum som redaktør. Åsmund Soldal gjekk inn i stillinga i 2002. Sigbjørn Linga overtok som redaktør i 2013.

Redaksjonen låg lenge i kjellaren i hovudhuset til Skaar-familien i Norheimsund sentrum, til han flytta til Sandvenvegen 40 i 2010.

Opplagstal[endre | endre wikiteksten]

Utvikling i nettoopplag.[1]

År Nettoopplag
2000 5 768
2001 5 759
2002 5 744
2003 5 714
2004 5 741
2005 5 747
2006 5 733
2007 5 790
2008 5 799
2009 5 762
2010 5 680
2014 5 520

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Fotnotar
  1. Mediebedriftenes Landsforening Opplag- og lesartal. Nettoopplaget er eit mål for betalt opplag.
Spire Denne artikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.