Det Vestnorske Teateret

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
(Omdirigert frå Hordaland Teater)

Det Vestnorske Teateret (tidlegare Hordaland Teater) er eit teater i Bergen kommune i Vestland fylke. Det vart etablert i 1988. Teateret har fast scene i Bergen sentrum, i Logen rett ved Den blå steinen, men er også eit turnerande teater. Det Vestnorske Teateret (DVT) har nynorsk som administrasjonsspråk og spelar på nynorsk og dialekt. Det Vestnorske Teateret har ei sterk satsing på bruk av ny dramatikk og ein identitet som er forankra i det vestnorske. Drifta vert i all hovudsak finansiert av den norske staten og den største eigaren, Vestland fylkeskommune.

Teatersjef er Solrun Toft Iversen (til sommaren 2023). Signaturprosjektet hennar var den musikalske vestlandskrønika Heim, som i fire delar tok føre seg store og små hendingar i regionen i perioden 1965-2005, der mange kjende forfattarar frå Vestland eller busett i Vestlands-regionen har skrive tekstar. Prosjektet vart avslutta med "Heimatt" i 2023 som var ei framsyning med høgdepunkt frå alle fire Heim-kapitla. Thomas Bye overtek som teatersjef august 2023.

Det Vestnorske Teateret har eit nybygg i bakgarden og har også renovert den gamle delen, ærverdige Logen. Dei har no ein scene 2 og moderne verkstader i nybygget. På Stend i Fana har ein framleis prøvescene og verkstad, i samme lokale som Hordamuseet held til.

Administrasjonen har kontorlokale i den gamle delen av Logen, inngang ved "Den gode hensigt".

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]