Horizon Zero Dawn

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Horizon Zero Dawn

Utviklar(ar)Guerrilla Games
Utgjevar(ar)Sony Interactive Entertainment, PlayStation PC LLC
DistributørPlayStation Store, Steam, Humble Store, Epic Games Store, PlayStation Now
Kreativt ansvarleg(e)Mathijs de Jonge
Produsent(ar)Lambert Wolterbeek Muller
ForfattarJohn Gonzalez
Komponist(ar)Joe Henson, Joris De Man, Alexis Smith
SerieHorizon
SpelmotorDecima
Plattform(er)PlayStation 4, Microsoft Windows
Utgjeving28. februar 2017, 1. mars 2017, 7. august 2020
Sjangeraction-rollespel, sci-fi-spill, post-apokalyptisk fiksjon, post-apokalyptisk dataspel
Spelemoduseinspelar
AldersgrensePEGI 16
Nettstadhttps://www.guerrilla-games.com/play/horizon
Del av serien Horizon⠀
Horizon Forbidden West→

Horizon Zero Dawn er eit action-rollespel frå 2017 utvikla av Guerrilla Games og utgjeve av Sony Interactive Entertainment. Handlinga følgjer Aloy, ein ung jeger i ei verd invadert av maskiner, som drar på ei ferd for å finna ut av fortida si. Spelaren bruker fjernvåpen, eit spjut og smyging for å kjempa mot dei mekaniske vesena og andre fiendtlege krefter. Eit «skill tree» gjev spelaren nye eigenskapar og bonusar. Spelaren kan utforska den opne verda for å oppdaga område og ta del i sideoppdrag. Spelet vart utgjeve til PlayStation 4 i 2017 og Microsoft Windows i 2020.

Horizon Zero Dawn fekk positiv mottaking for den opne verda, historia, grafikken, kampmekanikkane, karakteriseringa og stemmeskodespelet til Ashly Burch, men noko kritikk for dialogen, nærkampmekanikkane og karaktermodellane. Spelet vann fleire prisar og selte over tjue millionar kopiar innan februar 2022, som gjer det til eit av dei mestseljande PlayStation 4-spela. Ei utviding, The Frozen Wilds, vart utgjeven i november 2017. Ein oppfølgjar, Horizon Forbidden West, vart utgjeven til PlayStation 4 og PlayStation 5 i februar 2022.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]