Horizon av Carpenters

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Horizon
Studioalbum av The Carpenters
Utgjeve Juni 1975
Innspelt 1975
Sjanger Pop, easy listening, adult contemporary
Lengd 36:13
Selskap A&M
Produsent Richard Carpenter/Associate Produsent - Karen Carpenter
The Carpenters-kronologi
Live in Japan
(1973)
Horizon A Kind of Hush
(1976)


Horizon er eit studioalbum av den amerikanske popduoen Carpenters. Det var det sjette albumet deira på rad som selde til platinaalbum i USA. Det vart spelt inn ved A&M Records og Carpenters brukte mange timar på å eksperimentere med nye lydar, teknikkar og effektar.[1]

Etter fem album på rad som nådde topp 5 i USA, nådde Horizon berre 13. plass. Albumet selde likevel til platina i USA for ein million eksemplar. Det vart ein stor suksess i Storbritannia og Japan, og toppa listen og vart eit av dei bestseljande albuma i 1975 i dei landa. Horizon nådde òg tredjeplassen i New Zealand, fjerdeplassen i Canada og femteplassen i Noreg.

Oversyn[endre | endre wikiteksten]

Den første singelen på albumet, «Please Mr. Postman» (gjeve ut sju månader tidlegare), vart den største hitsingelen frå albumet og den største hitten til Carpenters på verdsbasis. Han nådde toppen av singellistene i USA, Australia, New Zealand, Canada og Sør-Afrika og andreplassen i Storbritannia og Irland.[2] På denne songen spelar Karen Carpenter trommer og Tony Peluso gitarsolo. Den neste singelen, «Only Yesterday», vart òg ein stor suksess og nådde andreplassen i Canada og Frankrike, fjerdeplassen i USA, femteplassen i Irland, sjuandeplassen i Storbritannia og tiandeplassen i New Zealand og selde til gullplate i Japan. Songen vann òg den gjeve Grand Prix-prisen i Japan.[3] Ein tredje singel, «Solitaire», nådde 15. plassen i USA og topp 40 i fleire andre land.

«Desperado» var opphavleg ein song av The Eagles frå 1973 frå albumet med same namn. Fleire andre har spelt inn denne songen, som Linda Ronstadt, Bonnie Raitt og Kenny Rogers. Sidan songen alt var velkjent, valde A&M å ikkje gje denne ut som singel. Ein annan song, «I Can Dream, Can't I», var ei tolking av hitten til Andrews Sisters frå 1949. Karen og Richard Carpenter hyrte inn Billy May, som hadde arbeidd med artistar som Frank Sinatra og Nat King Cole, til å orkestrere songen. Songen har med Billy May Orchestra. John Bahler syng i koret på denne songen.

Mottaking[endre | endre wikiteksten]

Meldingar
Karakter
KjeldeKarakter
Allmusic2/5 starsStar full.svgStar empty.svgStar empty.svgStar empty.svg[4]
Rolling Stone(positiv)[5]
The Rolling Stone Album Guide2.5/5 starsStar full.svgStar half.svgStar empty.svgStar empty.svg[6]

Rolling Stone-skribenten Stephen Holden likte Horizon og kalla det «the Carpenters sitt mest sofistikerte album så langt.»[5] AllMusic gav albumet heller dårleg kritikk, men meinte produksjonen var god.

Innhald[endre | endre wikiteksten]

Side ein
# TittelLåtskrivar(ar) Lengd
1. «Aurora»  Richard Carpenter, John Bettis 1:32
2. «Only Yesterday»  Carpenter, Bettis 4:11
3. «Desperado»  Don Henley, Glenn Frey 3:38
4. «Please Mr. Postman»  Georgia Dobbins, William Garrett, Freddie Gorman, Brian Holland, Robert Bateman 2:53
5. «I Can Dream, Can't I?»  Sammy Fain, Irving Kahal 4:59
Side to
# TittelLåtskrivar(ar) Lengd
6. «Solitaire»  Neil Sedaka, Phil Cody 4:40
7. «Happy»  Tony Peluso, Diane Rubin, Bettis 3:51
8. «(I'm Caught Between) Goodbye and I Love You»  Carpenter, Bettis 4:06
9. «Love Me for What I Am»  Palma Pascale, Bettis 3:30
10. «Eventide»  Carpenter, Bettis 1:33

Lister[endre | endre wikiteksten]

Vekeslister[endre | endre wikiteksten]

Liste (1975) Plassering
Australian Kent Music Report Album Chart[7] 21
Canadian RPM Album Chart[8] 4
Japanske Oricon albumliste[9] 1
New Zealand[10] 3
Noreg - VG-lista[11] 5
UK Album Chart[12] 1
USA Billboard Pop Album[13] 13
West German Media Control Album Chart[14] 42

Årslister[endre | endre wikiteksten]

Liste (1975) Plassering
Australian Album Chart[7] 78
Canadian Album Chart[15] 40
Japan[16] 8
UK Album Chart[17] 4

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Carpenter, Richard: «Yesterday Once More: Memories of the Carpenters and Their Music", page 87. Tiny Ripple Books, 2000
  2. http://leadsister.com/?page_id=725
  3. Carpenters Decade back cover; sold through the original fan club
  4. Eder, Bruce. Horizon av CarpentersAllmusic. Henta 2012-03-03.
  5. 5,0 5,1 Holden, Stephen (28. august 1975). «Music Reviews : Horizon by the Carpenters». Rolling Stone. Arkivert frå originalen 2008-07-26. Henta 17. august 2011. 
  6. Brackett, Nathan; Christian Hoard (2004). The Rolling Stone Album Guide. New York City, New York: Simon and Schuster. s. 140. ISBN 0-7432-0169-8. 
  7. 7,0 7,1 Kent, David (1993). Australian Chart Book 1970–1992. St Ives, NSW: Australian Chart Book. ISBN 0-646-11917-6. 
  8. «Item Display - RPM - Library and Archives Canada». RPM. Henta 3. mars 2012. 
  9. a-カーペンターズ «Yamachan Land (Japanese Chart Archives) - Album Chart Daijiten - Carpenters» Check |url= value (hjelp) (på Japanese). Original Confidence. Henta 7. februar 2015. 
  10. «charts.org.nz Carpenters - Horizon» (ASP). Hung Medien. Recording Industry Association of New Zealand. Henta 7. februar 2015. 
  11. «norwegiancharts.com Carpenters - Horizon» (ASP). Henta 7. februar 2015. 
  12. «Chart Stats – Carpenters – Horizon» (PHP). UK Album Chart. Henta 7. februar 2015. 
  13. Allmusic Carpenters > Horizon > Charts & Awards > Billboard Album
  14. «Album Search: Carpenters – Horizon» (på tysk). Media Control. Henta 7. februar 2015. 
  15. «RPM Top 100 Album of 1975». RPM. Henta 7. februar 2015. 
  16. 1975年アルバム年間ヒットチャート «Japanese Year-End Album Chart of 1975» Check |url= value (hjelp) (på Japanese). Oricon. Henta 7. februar 2015. 
  17. «Complete UK Year-End Album Charts». Henta 3. mars 2011.