Horndøla bru

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Gamle Horndøla bru med spenn i utkragingsteknikk. Fjellet Hornindalsrokken i bakgrunnen.

Horndøla bru er namn på to bruer i Hornindal kommune i Sogn og Fjordane. Bruene kryssar elva Horndøla (Honndøla) ved garden Muldsvor nær fylkesgrensa. Den gamle brua er ei 52 meter lang steinbru oppført med tørrmura utkraginsteknikk, truleg bygd i tida 1810–1813 der det før var ei eldre bru av tre og stein. Brua er relativt lang fordi elva på denne staden fløymer utover den flate dalbotnen. Horndøla bru vart ombygd i 1937, med ei 5 meter brei betongplate over brukara. I 1971 vart det bygd ei ny bru på staden, like ved den gamle. Den nye brua er ein del av fylkesveg 60. Gamle Horndøla bru vart restaurert av Statens vegvesen i 1993-1994.

Den gamle brua var ein del av Den trondhjemske postvei på strekninga Grodås-Hellesylt, og er den største av bruene bygd langs postvegen på den tida.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Sjå også[endre | endre wikiteksten]