Horne i Hyllestad

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Horne
stad
Land  Noreg
Fylke Sogn og Fjordane
Kommune Hyllestad
Postnummer 6958 SØRBØVÅG[1]
Gardnummer 17[2][3]

Horne er ein matrikkelgard i Hyllestad kommune i Sogn og Fjordane fylke. Garden har matrikkelnummer 17.[2][3]

Geografi[endre | endre wikiteksten]

Horne ligg opp mot grensa til Fjaler kommune og grensar i sør til Ramsgrø og Hydalen, og i vest til Liane.[3] Fylkesveg 607 går over garden.

Historie[endre | endre wikiteksten]

Fyrst på 1600-talet var det eitt bruk på Horne, seinare i hundreåret vart det skilt ut eitt til, og på 1800-talet vart tre husmannsplassar skilde ut som eigne bruk. Det har vore drive tjørebrenning og sagbruk på Horne, og garden har hatt sagbruk og det har vore produsert fisketunner. [3]

Namnet[endre | endre wikiteksten]

Gardsnamnet skal kome av at Loneelva gjer ein sving der, og har med 'hjørne' å gjere.[3]

I kjeldene er namnet skrive «Horne» (1603), «Hornn» (1608), «Horn» (1667) og «Horne» (1723).[4]

Bruk nr. 2 heiter Kvia (tidlegare skrive Kvien og Hornekvien), bruk nr. 4 heiter Hornslia (tidlegare skrive Lien, og Hornelien), og bruk nr. 5 heiter Hornsdalen (tidlegare skrive Dalen og Hornedalen).[3]

Horne er brukt som gardsnamn fleire andre stader i landet.

Statens kartverk godkjende skrivemåten «Horne» i 1986.[5]

Gardsnamnet vert også brukt som slektsnamn.

Sjå òg[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. «Postnummerkart på nettstaden til Posten».  Vitja 5. desember 2010
  2. 2,0 2,1 «Gardsleksikon på nettstaden til Sogn og Fjordane Fylkesarkiv».  Vitja 5. desember 2010
  3. 3,0 3,1 3,2 3,3 3,4 3,5 Inger Kellmer (1990). «Horne : Gnr. 17». I Finn Borgen Førsund. Hyllestad bygdebok : Soga om folket I. Hyllestad: Hyllestad kommune. s. 147. ISBN 8299219817. 
  4. «Oluf Rygh: «Horne» i Norske Gaardnavne». 
  5. «yr.no».  Vitja 5. desember 2010

Vidare lesnad[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]