Hornfels

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hornfels

Hornfels er ein tett, finkorna bergart som har oppstått ved kontaktmetamorfose. Det vil seie at bergarten er omkrystallisert ved varmepåverknad frå smeltemassar som trenger seg oppover.

Dei vanlegaste hornfelsane er danna av leirskifer. Desse er mørke og inneheld biotitt og plagioklas, og stundom andalusitt og cordieritt. Dei kan òg vere ureine kalksteinar, som er lyse på farge med kalksilikat som pyroksen, granat, og stundom wollastonitt og vesuvian. Nokre hornfelsar er omdanna metasomatisk og er i røynda skarnbergartar. Ein finn mykje hornfels i kontaktsonane kring Oslofeltet, der kambrosiluriske sediment er påverka av vulkanske bergartar frå permtida.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

«hornfels» av Gunnar Raade i Store norske leksikon, snl.no.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons har multimedium som gjeld: Hornfels