Hornindal kyrkje

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hornindal kyrkje
kyrkje
Kyrkjesamfunn Den norske kyrkja
Bispedøme Møre
Prosti Søre Sunnmøre
Sokn Hornindal
Fellesråd Volda
Stad

Foto: kirkenorge.no

Type Langkyrkje
Arkitekt Ludolph Rolfsen[1]
Material Tre
Innvigd 30. november 1856[1]
Kyrkjegard Ved kyrkja
Sitjeplassar 400[1]
Kart
Hornindal kyrkje
61°58′21″N 6°31′13″E / 61.9725°N 6.5203°E / 61.9725; 6.5203
Wikimedia Commons: Hornindal kyrkje

Hornindal kyrkje står på Kyrkhorne nordom Grodås sentrum i tidlegare Hornindal kommune (no Volda i Møre og Romsdal), og er ei tømra langkyrkje frå 1853.

Hornindal kyrkje is located in Møre og Romsdal
Plasseringa til Hornindal kyrkje

Arkitekt for kyrkja, som har sitjeplassar til 400 personar, var kaptein Ludolph Rolfsen frå Stryn. Han støtte seg til typeteikning laga av arkitekt Hans Ditlev Franciscus von Linstow.[1] Mykje av inventaret er frå byggeåret.[1]

Kyrkja er soknekyrkje i Hornindal sokn i Søre Sunnmøre prosti. Området høyrde fram til 1867 under Eid prestegjeld.[2]

Altartavla[endre | endre wikiteksten]

Då kyrkja i Hornindal stod ferdig i 1856, vart det sett opp eit gylt trekors på altaret i påvente av altartavle. 75 år seinare var det ennå ikkje kome altartavle. I 1929 tok presten og prestefrua, Jon og Alhede Johnson, tak i saka. Prestefrua skipa Jentelag til kyrkja sin prydnad, og presten tok kontakt med kunstnaren Dagfin Werenskiold. Han hadde nyleg laga eit trerelieff som presten ville kopiere, og det fekk han.

Våren 1932 var Johnson ferdig med arbeidet sitt. Wernskiold kom til Hornindal for å ta seg av målinga av relieffen, men kunstnaren vart så imponert av det han fekk sjå at han tilbaud Hornindal originalen mot at han fekk kopien. Kopien vart seinare sett opp i Sørkedalen kyrkje.

Altartavla vart vigsla søndag 10. april 1932.[3]

Bilethoggaren Anders Svor er gravlagd ved Hornindal kyrkje.

Andre kyrkjer i Volda[endre | endre wikiteksten]

Sjå òg[endre | endre wikiteksten]

Fotnotar[endre | endre wikiteksten]

  1. 1,0 1,1 1,2 1,3 1,4 «Margrethe Henden Aaraas og Sigurd Vengen: «Hornindal kyrkje» på nettstaden til Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane».  Vitja 24. januar 2009
  2. ««Kirkebøker, Sogn og Fjordane» på nettstaden til Arkivverket».  Vitja 24. januar 2009
  3. Kleppa, Hermund (2008) Altartavla i Hornindal kyrkje. (cc-by-sa) Kulturhistorisk leksikon, Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]