Hornindalsvatnet

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Hornindalsvatnet
innsjø
none  Hornindalsvatnet sett frå Grodås
Hornindalsvatnet sett frå Grodås
Land Flag of Norway.svg Noreg
Fylke Sogn og Fjordane
Kommunar Eid, Hornindal
Høgd over havet 52 moh
Areal 50 km²
Kystlengd1 65,64 km
Wikimedia Commons: Hornindalsvatnet
1 Kystlengd er eit unøyaktig mål som kanskje ikkje er standardisert for denne artikkelen.

Hornindalsvatnet er ein innsjø i kommunane Eid og Hornindal i Sogn og Fjordane.

På det djupaste er Hornindalsvatnet 514 meter noko som gjer det til Noregs og Europas djupaste innsjø. Han har eit areal på 50 km2 og er med det den 19. største innsjøen i Noreg. Innsjøen ligg 52 meter over havet og har eit volum på 12 km3

Plasseringa av Hornindalsvatnet i Noreg.

Vatnet har godt med fisk, med røyr, aure, ål og laks. Laksen og ålen kjem opp frå Nordfjorden og vidare opp Eidselva og opp i Hornindalsvatnet. Røyra vandrar frå djupare lag av vatnet og inn til sanddynene ved Grodås for å gyte. Auren går opp i Storeelva og andre mindre bekker. I seinare tid har dei fleste bustadene rundt vatnet blitt knytt opp mot eit moderne renseanlegg, noko som gjer at den største kjelda til ureiningar i vatnet no kjem frå landbruket og frå nedbør. Ei segn fortel om ein prest frå Nordfjordeid som under Svartedauden rodde seg over Hornindalsvatnet for å gje folk langs vatnet avlat og sikre at ikkje Gamle-Erik fekk sjelene deira. Som løn kravde han skøyta på gardane til dei som strauk med. På veg ned att vatnet stod han opp i båten sin og sa: «Hornindalen, no e du min», miste balansen og forsvann så lang han var ned gjennom det blanke vatnet.

I seinare tid har ein annan prest, Jon Ytrehorn, leikt med tanken å konstruere eit undervassmuseum, som ein hyllest til innsjøen. På 1970-talet blei Kjøsapollen i austenden av Hornindalsvatnet stengd av etter bygginga av Kjøs Bru. Berre ein liten passasje midt på brua knyter naturperla saman med resten av innsjøen. Dette slette dømet på brubygging har gjort at Kjøsapollen er byrja å gro att, og i samband med bygging av Kvivsvegen vil dette vere eit varmt diskusjonstema i bygda som er stolte av vatnet sitt.

Hornindalsvatnet maraton blir årleg arrangert i slutten av juli.

Text document with red question mark.svg Denne artikkelen manglar kjelder eller referansar. Hjelp Wikipedia med å finna truverdige kjelder!