Hornlue

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hornlue eller ladjo er ei samisk konelue som var vanleg på 1800-talet. Den høge toppen dannar eit framovervendt krumhorn bak på hovudet. Hornet (fierra) er laga av tre og trekt med fargerikt stoff.[1] Frå 1850-talet fordømde læstadianerne hodeplagget som eit «teiknet til satan», og lua gjekk gradvis ut av bruk. Ladjoen på biletet er frå Tana og vart kjøpt av Norsk folkemuseum i 1909. Ho er tilbakeført til Tana museum gjennom bååstede-prosjektet.
Foto: Anne-Lise Reinsfeldt, Norsk folkemuseum

Hornlue,[2] ladjo eller ládju, etter den nordsamiske nemninga ládjogahpir,[2][3] er ei tradisjonell nordsamisk kvinnelue med ein hornforma topp. Den høgreiste, framoverbøygde kammen er skore til av ein uthola trestamme, plassert på bakhovudet og trekt med fargerikt stoff som lua elles.

Hornluer er kjende frå nordlege delar av Sápmi frå kring år 1700 til 1900. Luetypen var særleg vanleg i austlege delar av Finnmark. Han var òg i bruk i finsk Lappland. Frå 1850-åra fordømde læstadianarane hovudplagget som eit «satans tegn»,[4] og lua gjekk ut av bruk i delar av Finnmark i løpet av hundreåret.

Bakgrunn[endre | endre wikiteksten]

Namn[endre | endre wikiteksten]

Nemningane ladjo, ládju[5] og laggjo[treng kjelde] kan visa til både hornet, altså trestykket inni, og til sjølve lua.[6] I dialektar i området frå Nesseby til Karasjok har ein òg kalla hornet fierrå[7] eller fierra,[8] og luar utan dette trestykket sluobmo.[9] Det austsamiske ládjogahpir kunne tidlegare òg skrivast laggjokâpper, eventuelt i kortforma laggjo, og på andre måtar.[6] Alternative nordsamiske nemningar er čoarvegahpir.[10]

Ladjo har òg blitt omtalt som konelue på norsk.[11] Eit sjeldnare namn er hjelmlue.[2]

finsk kallar ein luetypen sarvilakki[12][13] og kuumukka («månebøy»),[11] på svensk hornmössa[14] og på engelsk horned cap.[15]

Utforming og bruk[endre | endre wikiteksten]

Studiar frå Inari i Finland på 1850-talet som viser korleis eit holt trestykke i luetoppen formar eit breitt, framoverbøygd horn med ein spiss framme og ein fot mot bakhovudet.
Teikningar: Carl Erik Soldan/Museovirasto (Museiverket) i Finland
«Finnekone fra Karasjok i Finmarken», foto frå 1860-talet av samisk konedrakt med sid kufte, skallar og tradisjonell hornlue.
Foto: Marcus Selmer (1819-1900)/Nasjonalbibliotekets bildesamling

Hornlua minner om ei frygisk lue av fargerikt tekstil som er utstyrt med ein hornforma, uthola valk av tre inne i pullen. Hornet, som er trekt med stoff, gjev hovudplagget ein høg, krum kam som stig opp i nakken og over bakhovudet. Det har flat, brei topp med eit spisst nebb fremst og dannar ein baug- eller halvmåneforma krone øvst på hovudplagget. I tillegg blei luene pynta med dekorband, kniplingar og anna. Lua er staseleg, men kunne vera tung og upraktisk i bruk. Ho kunne hekta seg i greiner under sledekjøring, og det skal ha vore vanleg å slå eit skaut over i uvêr.[11]

Trestykket vart tradisjonelt laga av furu eller bjørk, og gifteferdige kvinner skulle sjølv skjera det ut til si eiga konelue.[5] Etter tilverking blei det trekt med skinn, og ytst med klede.[11] Hornet var holt, ope oppe og nede, og hadde eit ovalt tverrsnitt på 7–9 cm.[11] Hornet kunne òg vera av tøy og fylt med reinhår.[11] Hornlua blei sydd av raudt klede for gifte kvinner og blått eller svart for enker.[11] Inni hornet kunne det vera ei lita pute fylt med fjør. Der kunne kvinner ta vare på smykke på reiser.[16]

Ifølgje Skildring over Finmarkens lappar av Knud Leem frå 1767 var kvinneluene til samane på den tida vanlegvis sett saman av to delar; ein øvre på issen og i nakken, og ein annan som dekte hovudet elles. Før kvinnene tok på seg hovudplagget, samla dei håret i ein høg valk som dei dytta inn i den øvste delen som deretter blei stramma til med eit band og blei ståande som ein topp på lua.[11][17]

Utbreiing og fordømming[endre | endre wikiteksten]

Stereokortet «Laplander's from Norway» viser utstilte samedrakter under verdsutstillinga i Philadelphia i USA i 1876, blant anna kvinne- og jenteantrekk med hornluer.
Foto: Nasjonalbibliotekets bildesamling

Fargar og design på samiske luer og kofter varierer mellom kjønn og ulike stadar og område.[18] Særleg hovudplagga kan ha store geografiske ulikheiter som viser kvar berarane kjem frå. I Noreg var hornluer stadtypiske for Finnmark.

Pietistiske læstadianarar fordømde likevel kvinneluer med «djevelsk horn» som unaudsynleg pynta,[1][4][19] og luetypen gjekk i stor grad ut av bruk blant samar i Norden, bortsett frå hjå enkelte austsamar.[1] I Kautokeino forsvann hornluer på 1850-talet, medan dei i Karasjok og lenger aust vart haldne på mykje lengjer.[18] Slike luer var i bruk vest til Øksfjord fram til siste halvdelen av 1800-talet.[3] Ei mindre hornlue blir framleis brukt austsamiske kvinner. Hornluene blei erstatta av hovudplagg med flat pull.

« – Hvor Lederne droge frem gebærdede de sig med Myndighed og Voldsomhed og udbredte Skræk hvor de kom, saa at Mange ikke vovede at modsige og bleve tvungne til Taushed. Man skulde komme til Kirken i stygge Klæder og uden Bælte, – Tegn paa Sorg – Fruentimmernes Huer, der bagtil havde Formen af et afstumpet Krumhorn, skulde nu være flade og formede efter Hovedet, thi en Djævel sad i det hule Træstykke, som frembragte den krummede Form, o. s. v. Alt kom an paa den ydre Form. - »

I eldre tid skal ein òg ha brukt eit tilsvarande hovudplagg i Gudbrandsdalen.[11] Hornlue liknar dessutan på faldurinn i islandsk folkedrakt.[11] Austsamiske luer med oppbygde toppar og brei front kan dessutan minna om variantar av kokosjnik, tradisjonelle nordrussiske hovudplagg for kvinner, med ein tverrstilt halvmåne som ei slag krone.

Galleri[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. 1,0 1,1 1,2 Om hornlue i Harald Gaskis artikkel om samedrakt i Store norske leksikon.
  2. 2,0 2,1 2,2 Stor norsk-samisk ordbok. Davvi girji. 2000. s. 208. ISBN 9788273747631. 
  3. 3,0 3,1 Om kvinnenes luer blant sjøsamer i Lyngen
  4. 4,0 4,1 Snedronningen. Tiderne skifter. 1981. s. 43. 
  5. 5,0 5,1 Om hornlue i Várjjat Sámi Musea (Varanger samiske museum)
  6. 6,0 6,1 Liber saecularis in honorem J. Qvigstadii. Aschehoug. 1953. s. 130. 
  7. Liber saecularis in honorem J. Qvigstadii. Aschehoug. 1953. s. 131. 
  8. Alternative navn for luehorn i Saviomuseet, innsamlet 1907
  9. Lappisk ordbok. Aschehoug. 1938. s. 668. 
  10. Betegnelse på gul kvinnelue fra 1800-tallet i Varanger Samiske Museum
  11. 11,00 11,01 11,02 11,03 11,04 11,05 11,06 11,07 11,08 11,09 Samisk husflid i Finnmark. Norsk folkemuseum : Landbruksforlaget. 1987. s. 47–48. 
  12. Lapin kansa om hornlue i finsk tradisjon
  13. Bildetreff etter søk på sarvilakki på finna.fi
  14. Mösstomme til hornmössa i samisk husflid
  15. Samisk kultur. Norsk folkemuseum. 2000. s. 64. 
  16. Opplysninger om hornlue gitt i gave til Norsk Folkemuseum i 1911
  17. [Knud Leems, Professor i det Lappiske Sprog, Beskrivelse over Finmarkens Lapper, deres Tungemaal, Levemaade og forrige Afgudsdyrkelse, oplyst ved mange Kaabberstykker: med J.E. Gunneri, Biskop over Tronhjems Stift, og S. S. Theologiae Doctor, Anmærkninger; og E .J. Jessen-S., Justits_raad, General-Kirke-Inspector og Cancellie-Secretaire, Afhandling om de norske Finners og Lappers hedenske Religion. Trykt udi det Kongel. Wæysenhuses Bogtrykkerie af G.G. Salikath. 1767. s. 83. 
  18. 18,0 18,1 NTNU Vitenskapsmuseet om samiske luer og votter
  19. Norge i Sameland. Gyldendal. 1973. s. 95. 
  20. Presten Nils Vibe Stockfleth om læstadianismen i Kautokeino i 4de reise til Finnmarken 1851-1852, arkivert frå originalen 17. mars 2016, henta 12. mars 2021 
  21. Dagbog over mine missionsreiser i Finmarken. Chr. Tønsbergs forlag. 1860. s. 184. 

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons har multimedium som gjeld: Hornlue