Hornsherred

Koordinatar: 55°47′N 11°57′E / 55.783°N 11.950°E / 55.783; 11.950
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

55°47′N 11°57′E / 55.783°N 11.950°E / 55.783; 11.950

Hornsherred er halvøya (landtunga) mellom den smale Roskilde Fjord til høgre på kartet og denb breie Isefjorden til venstre på kartet. Byen Roskilde ligg i nedre høgre hjørnet av kartet.

Hornsherred er ei halvøy som går frå sør mot nord i innlandet på Sjælland i Danmark, danna av dei sørgåande fjordane Roskilde Fjord på austsida og Isefjorden på vestsida. Den nordlege og største parten av halvøya høyrer til Frederikssund kommune, medan den syndre parten av halvøya høyrer til Lejre kommune. I perioden frå 1970 til 2006 var det tre kommunar på halvøya, Jægerspris, Skibby og Bramsnæs kommunar.

Halvøya har namnet etter det tidlegare Horns Herred på den nordlige parten av halvøya. Den søndre parten låg då i Voldborg Herred. Horns Herred vart ved kommunalreforma i 1970 til dei to kommunane Skibby og Jægerspris, som ved kommunalreforma i 2007 gjekk inn i Frederikssund Kommune.