Hornulke

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Hornulke

Status i verda: LC Livskraftig
Status i Noreg: Datamangel

Triglopsis quadricornis (Pieni).jpg

Systematikk
Rike: Animalia
Rekkje: Chordata
Klasse: Actinopterygii
Orden: Scorpaeniformes
Familie: Cottidae
Slekt: Myoxocephalus
Vitskapleg namn
Myoxocephalus quadricornis

Hornulke (Myoxocephalus quadricornis, l. Triglopsis quadricornis) er ein fiskeart i ulkefamilien.

Leveområde[endre | endre wikiteksten]

Hornulke finst i arktiske kyststrok og indre delar av Austersjøen. I tillegg finst det nokre isolerte bestandar i ferskvatn i Noreg, Sverige, Finland, Russland og Nord-Amerika. I Noreg er fisken påvist i to innsjøar: Mjøsa og Store Le. Ein reknar med at den flekkvise utbreiinga av arten i ferskvatn kjem av at dei levde i israndsjøar under siste istid.

Skildring[endre | endre wikiteksten]

Hornulke har eit breitt og flatt hovud, med fleire piggar på gjellelokka. Individ som lever i ferskvatn manglar dei fire framtredande beinknutane på hovudet. Dei største individa blir opptil 60 cm.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Wikimedia Commons har multimedia som gjeld: Hornulke

Kjelder[endre | endre wikiteksten]