Horopito
- For plantar kjende som horopito, sjå Pseudowintera.
| Horopito | |||
Horopito i 1964 | |||
| Land | |||
|---|---|---|---|
| Region | Manawatū-Whanganui | ||
| Distrikt | Ruapehu District | ||
![]() Horopito 39°21′00″S 175°23′00″E / 39.35°S 175.38333333333°E | |||
| Wikimedia Commons: Horopito, New Zealand | |||
Horopito er ein stad på Nordøya på New Zealand. Han ligg ved State Highway 4 mellom busetnadane National Park og Raetihi.
Tidlegare var Horopito ein travel sagverksby. Han hadde jernbanestasjon, skule, to hotell, ein bank, postkontor, ein strippeklubb og fleire hus. I 1907 meinte ein tidlegare parlamentspolitikar, Kennedy Macdonald, at Hamilton, Horopito, Waiouru, Marton og Palmerston North ville vera hovudpunkta langs North Island Main Trunk-linja.[1] Kring 1920/30 gjekk Horopito inn i ein nedgang. Folk hadde forlate staden for å få jobb andre stader. I dag er det lite att av dei fleste bygningane. Kjernen i Horopito er bildelverksemda Horopito Motors.[2] Staden har vore brukt til å filma nokre newzealandske filmar som Smash Palace og Goodbye Pork Pie.
Sidan 2014 har Cold Kiwi Motorcycle Rally blitt halde i Horopito.[3]
Galleri
[endre | endre wikiteksten]- Horopito i 1921
- Hestar dreg tømmer til Horopito i 1921.
- Horopito i 1957
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- ↑ «WELLINGTON NEWS. AUCKLAND STAR». paperspast.natlib.govt.nz. 11. juni 1907. Henta 2020-12-18.
{{cite web}}: CS1 maint: url-status (link) - ↑ «Welcome | Horopito Motor Wreckers», www.horopitomotors.co.nz, arkivert frå originalen 2021-02-11, henta 2021-02-04
{{citation}}: Invalid|url-status=yes(hjelp) - ↑ «Archived copy». Arkivert frå originalen 2015-05-22. Henta 2015-04-14.
{{cite web}}: CS1 maint: archived copy as title (link), www.coldkiwi.co.nz
- Denne artikkelen bygger på «Horopito, New Zealand» frå Wikipedia på engelsk, den 4. februar 2021.
