Horopito

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
(Omdirigert frå Horopito på New Zealand)
For plantar kjende som horopito, sjå Pseudowintera.
Horopito
Horopito i 1964
Land  New Zealand
Region Manawatū-Whanganui
Distrikt Ruapehu District
Kart
Horopito
39°21′00″S 175°23′00″E / 39.35°S 175.38333333333°E / -39.35; 175.38333333333
Wikimedia Commons: Horopito, New Zealand

Horopito er ein stad på Nordøya på New Zealand. Han ligg ved State Highway 4 mellom busetnadane National Park og Raetihi.

Tidlegare var Horopito ein travel sagverksby. Han hadde jernbanestasjon, skule, to hotell, ein bank, postkontor, ein strippeklubb og fleire hus. I 1907 meinte ein tidlegare parlamentspolitikar, Kennedy Macdonald, at Hamilton, Horopito, Waiouru, Marton og Palmerston North ville vera hovudpunkta langs North Island Main Trunk-linja.[1] Kring 1920/30 gjekk Horopito inn i ein nedgang. Folk hadde forlate staden for å få jobb andre stader. I dag er det lite att av dei fleste bygningane. Kjernen i Horopito er bildelverksemda Horopito Motors.[2] Staden har vore brukt til å filma nokre newzealandske filmar som Smash Palace og Goodbye Pork Pie.

Sidan 2014 har Cold Kiwi Motorcycle Rally blitt halde i Horopito.[3]

Galleri[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. «WELLINGTON NEWS. AUCKLAND STAR». paperspast.natlib.govt.nz. 11. juni 1907. Henta 18. desember 2020. 
  2. «Welcome | Horopito Motor Wreckers», www.horopitomotors.co.nz, arkivert frå originalen 11. februar 2021, henta 4. februar 2021 
  3. «Archived copy». Arkivert frå originalen 22. mai 2015. Henta 14. april 2015. , www.coldkiwi.co.nz