Horoskop

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Horoskop for 1. januar 2000 klokka 12:01:00 Eastern Standard Time i New York by (lengdegrad 074W00'23", breiddegrad 40N42'51")
Utstilling av reiskapar brukte for å laga horoskop.

Horoskop er innan astrologien ei fullstendig skildring av livet til eit menneske og personlegdommen deira på grunnlag av utsjånaden til stjernehimmelen i den augneblinken vedkommande blei fødd.

Ordet horoskop er samansett av dei greske orda «hora», 'time', og «skopein», 'vurdera'. Såleis er tydinga å vurdera timen. Det blir hevda at det skal fungera som eit kart eller eit skjema over skjebnen til eit menneske som blir rekna ut gjennom forholdet mellom fødselsdatoen, fødselstida og fødselsstaden til eit menneske.

Ifølgje astrologar er rørslene til himmellekamane «urverk». Den posisjonen som planetar og andre himmellekamar hadde ved ei viss hending kan skrivast ned, og når ein veit staden der observasjonen blei gjort, fungerer eit horoskop som å notera eit klokkeslett, ein dato og eit tidspunkt.

Opphavleg viste ein til den stjerna som stod ved austhimmelen når ein skulle stilla eit fødselshoroskop. Sidan vart den grada av dyrekrinsen som stod i aust brukt. I dag bruker ein horoskop om ei innteikning av planetar og himmellekamar i eit skjema, som er eit slags kart over kvar planetane var på himmelen i den augneblinken.

Astrologar bruker dette kartet for å seia noko om karaktereigenskapane til ein person i ulike samanhengar. Til dømes om korleis mennesket horoskopet blir stilt for oppfattar seg sjølv, mot korleis andre oppfattar vedkommande.

I den enklaste forma si er solhoroskopet det folk gjerne kjem i kontakt med, sidan det er plasseringa til sola innan dyrekrinsen som bestemmer kva stjerneteikn ein er fødd under. Posisjonen til sola blir rekna for å seia mest om hovudkaraktertrekka til ein person. I løpet av eit år vandrar ho rundt alle dei tolv teikna i dyrekretsen. Solhoroskopa som ein finn i aviser og vekeblad haustar liten heider hos astrologar generelt.

Det er ikkje vitskapleg bevist at horosokop fungerer, men det blir hevda å vera erfaringsbasert. Ingen vitskaplege studiar har påvist at horoskop verker, og metodane som blir brukte for å tolka horoskop blir for ein stor del vurdert som pseudoviskap.[1]

Referansar[endre | endre wikiteksten]

  1. A double-blind test of astrology - Nature