Horowhenua District

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Horowhenua District
Land  New Zealand
Region Manawatū-Whanganui
Areal 1 063,60 km²
Folketal 33 000 (30. juni 2018)[1]
Kart
Horowhenua District
40°35′20″ S 175°20′35″ E
Wikimedia Commons: Horowhenua District

Horowhenua er eit distrikt på vestkysten av NordøyaNew Zealand.

Til skilnad frå mange andre distrikt har Horowenua ein tydeleg identitet, i så stor grad at «The Horowhenua», som distriktet til vanleg vert kalla, er meir sett på som ein eigen region enn som del av regionen Manawatū-Whanganui, som det offisielt høyrer til.

Distriktet, som ligg nord for Wellington og Kapiti, strekkjer seg frå litt nord for byen Otaki i sør til like sør for Himatangi i nord, og frå kysten mot Tasmanhavet til toppane i Tararua Ranges.

Den største byen og administrasjonssenteret er Levin, mellom andre byar i distriktet er Foxton, Shannon, og Tokomaru. Folketalet i distriktet er 30 600 (estimat juni 2008).

Landskap og historie[endre | endre wikiteksten]

Mykje av landet var ein gong eit utstrekt våtmark og senter for ein vesentleg Phormium-industri. Gradvis har det vorte tørrlagt og omdanna til produktivt, om enn flaumutsett jordbruksland, med ei blanding av leir-, sand- og torvbasert jordsmonn. Delar av våtmarkene, særleg kring Horowhenuasjøen, vert førte attende til sin tidlegare tilstand, som eit verneområde, med hjelp av lokale maoriar.

Foxton har historisk verdi som den viktigaste busetnaden i Manawatu i dei første åra med europeisk innvandring, og som sentrum for ein stor Phormium-industri. Hagebruk og mjølkeproduksjon er no hovudnæringsvegane i distriktet, andre verksemder i Horowhenua er produksjon av klede og mat.

Artesisk vatn[endre | endre wikiteksten]

Distriktet har mykje artesisk vassforsyning. Den nordlegaste delen av distriktet, kring Opiki, ligg over ei rekkje grunnvassmagasin. Desse er skilde vertikalt frå kvarandre med mindre permeabelt (vassgjennomtrengeleg) materiale. Djupna ned til bassenga i denne delen av distriktet varierer frå om lag 25 til 60 meter.

Sjølv om det ikkje er eineståande, har grunnvassbassenga i Foxton-området den heller uvanlege eigenskapen å stå under trykk, slik at om ein borar seg ned til dei, vil vatnet stiga opp til grunnen av sitt eige trykk. Trykket kan på det meste føra vatnet opp til om kring 2,5 meter over bakken. Bønder og huseigarar i området ser sjølvsagt på dette som eit gode, men somme er byrja å ottast at utstrekt boring etter grunnvatn vil føra til at ein med tida ikkje vil ha tilgang til rennande artesisk vatn.

Referansar[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]